Klokkespel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Klokkespel nytta i orkester.

Klokkespel er musikkinstrument som vert rekna som perkusjonsinstrument (slagverk), og som gjev lyd som små eller store klokker eller bjøller med ulike tonar. Som orkesterinstrument er klokkespelet laga av stavar eller røyr av metall med ulik lengd, som alt etter lengda på stavane eller røyra gjev djupe eller ljose tonar når dei vert slegne på med køller dekka av filt eller laga av gummi. Det diatoniske klokkespelet samsvarar vanlegvis med pianoets toneregister frå tonen C1.

Dei store klokkespela i kyrkjetårn, rådhustårn og andre byggverk, som skal kunne høyrast over store avstandar i byar og andre stadar, er samansette av store og små opphengde klokker med same fasong som kyrkjeklokker. Slike klokkespel, som på andre språk (til dømes på tysk og fransk) gjerne vert kalla carillon, vert spela på ved at eit mekanisk eller elektromekanisk system slår på kvar av klokkene i samsvar med impulsar frå ein maskin, eller frå eit klaviatur. Klaviatura kan liknast med det som er på eit orgel eller piano, og vert spela på av ein organist.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]