Jacques Herbrand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jacques Herbrand
Herbrand.jpg
Bilete av of Jacques Herbrand under den siste fjellklatringsturen sin.
Fødd12. februar 1908(1908-02-12)
Paris
Død27. juli 1931 (23 år)
La Bastarde i Isère
NasjonalitetFransk
Områdeproof theory
YrkeMatematikar
Alma materFaculté des sciences de Paris
École normale supérieure
DoktorgradsrettleiarErnest Vessiot
Kjend forHerbrand-teoremet
Herbrand–Ribet-teoremet
Herbrand-kvotienten

Jacques Herbrand (12. februar 190827. juli 1931) var ein fransk matematikar.

Sjølv om han døydde ung, berre 23 år gammal, så rakk han å gjere ein stor innsats innanfor matematisk logikk og algebraisk talteori, særleg klassefeltteori. Særleg viktig var arbeidet hans innanfor matematisk logikk, der han saman med K. Gödel og T. A. Skolem var ein hovudperson i utviklinga som matematisk logikk gjennomgikk omkring 1930.

Han introduserte den rekursive funksjonen. Herbrand-teoremet syner til eit av to heilt forskjellige teorem. Eit av dei er frå doktorgradsavhandlinga hans om bevisteori, og den andre til Herbrand–Ribet-teoremet. Herbrand-kvotienten er ein Euler-karakteristikk, nytta i homologisk algebra.

Han omkom då han fall utanfor Massif des Écrins i Alpane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]