Jacques Villon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jacques Villon
Marcel Duchamp, Jacques Villon, Raymond Duchamp-Villon in the garden of Villon's studio, Puteaux, France, c.1913.jpg
Fødd 31. juli 1875
Damville
Død

9. juni 1963
Puteaux

Yrke kunstmålar, avistegner, gravør
Jacques Villon på Commons

Jacques Villon, opphavleg Gaston Emile Duchamp (31. juli 18759. juni 1963) var ein fransk kubistisk målar og grafikar frå Damville i Eure i regionen Haute-Normandie. Sju raderingar frå 1913 vert rekna som hans viktigaste bidrag til den kubistiske stilretninga. Raymond Duchamp-Villon og Marcel Duchamp var brørne hans.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Villon voks opp i ein rik familie. Frå 1894 studerte han juss ved Sorbonne-universitet i Paris. Han tok opp teikning og grafikk og var bidragsytar til både aviser, tidsskrift og plakatsøyler. For å unngå forveksling med slektningane tok han kunstnarnamnet Jacques Villon, etter den franske mellomalderpoeten François Villon.

Åra 1903-05 studerte han ved Académie Julian i Paris. Etter først å ha latt seg inspirere av Edgar Degas og Henri de Toulouse-Lautrec, fatta han interesse for fauvismen, før han nærma seg kubismen og den abstrakte impresjonismen. I 1906 flytta han til landsbyen Puteaux, i utkanten av Paris. Der konsentrerte han seg om å lage grafiske arbeid og utveksle erfaringar med grafikarar som Manuel Robbe.

I 1911 begynte Villon og brørne hans å organisere ei fast diskusjonsgruppe med både kunstnarar og intellektuelle medlemer som Francis Picabia, Robert Delaunay, Fernand Léger. Denne Puteaux-gruppa arrangerte Section d'Or-utstillinga i Paris i oktober 1912. På denne utstillinga og i 1913 presenterte han fleire nyskapande raderingar. Før første verdskrigen deltok han også på den største kunstutstillinga i New York.

Etter verdskrigen var over mot ein abstrakt kunst, med einsfarga, matematiske flater. Gjennom ein periode på nær ti år arbeidde han som grafikar, der han kopierte verk av kjende målar som Édouard Manet og Pablo Picasso. Han begynte å måle att i 1930, som målar konsentrerte han seg etter kvart om landskapsmotiv. Bileta frå perioden er stramt komponerte, med ein meir mangleta fargebruk enn han hadde nytta i tidlegare verk.

Villon døydde i atelieret i Puteaux. Henie Onstad Kunstsenter i Bærum eig oljemåleriet Den vesle byen frå 1944.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]