Eure
- For elva med same namn, sjå elva Eure
| Eure | |
|---|---|
| Våpenskjoldet til Eure | |
| Plassering | |
| Administrasjon | |
| Departmentnummer: | 27 |
| Region: | Haute-Normandie |
| Préfecture: | Évreux |
| Sous-préfectures: | Les Andelys Bernay |
| Arrondissement: | 3 |
| Kantonar: | 43 |
| Kommunar: | 675 |
| Président du conseil général: | Jean-Louis Destans |
| Statistikk | |
| Folketal | Rangering 44. |
| -1999 | 541 054 |
| Folketettleik: | 90/km² |
| Landareal¹: | 6 040 km² |
| ¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Eure er eit departementet nordvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Haute-Normandie, og er kalla opp etter elva med same namn.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Eure er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Normandie.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Departementet er i dag ein del av regionen Haute-Normandie og grensar til departementa Seine-Maritime, Oise, Val-d'Oise, Yvelines, Eure-et-Loir, Orne og Calvados.
Departementet består hovudsakleg av eit skogkledd platå med dalane til elva Seinen og sideelvane hennar i mellom
Høgda varierer frå havnivå til 248 meter i sør.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla eurois.
Turisme
[endre | endre wikiteksten]Den største turistattraksjonen er Giverny (4 km frå Vernon) der Claude Monet sitt hus og hage er.
Klosteret i Bec og Château-Gaillard nær Les Andelys er andre viktige turistattraksjonar.