Jakob S. Gimre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jakob S. Gimre
Fødd 16. september 1865
Sola
Død

12. juli 1931
Sola

Yrke politikar, bonde

Jakob Svendsson Gimre (16. september 186512. juli 1931) var ein norsk gardbrukar frå Sola som var ordførar i dåverande Håland herad i mange år, og som representerte Rogaland og partiet HøgreStortinget i åra 1922-27.

Gimre var son til ein gardbrukar. Etter han var elev ved Jæderen og Dalenes amtsskole i 1887/88, tok han over farsgarden i Håland herad og dreiv han til han døydde.

Bortsett frå eit par avbrot, var Gimre medlem i Håland heradsstyre frå 1893 til han døydde i 1931. Han var ordførar periodane 1913-16, 1922-25 og 1928-31, og dessutan varaordførar i åtte år. Gimre var elles styreleiar («direktør») i Håland Sparebank i mange år.

Til stortingsvalet hausten 1921 var Gimre fyrstekandidat for Høgre i landkrinsen Rogaland. Han lukkast vinne det femte og siste mandatet frå krinsen. Tre år seinare vart han attvald, med langt større margin. Alle seks tingsesjonane var han medlem i Landbrukskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]