Jakobstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

63°40′31.822″N 22°42′11.689″E / 63.67550611°N 22.70324694°E / 63.67550611; 22.70324694

Jakobstad
kommune
Våpenskjold
Land  Finland
Fylke Österbotten
Del av Swedish-speaking Ostrobothnia
Areal 122,9 km²
Grunnlagd 1652
Språk svensk, finsk
Kart
Jakobstad
63°40′00″N 22°42′00″E / 63.666666666667°N 22.7°E / 63.666666666667; 22.7
Wikimedia Commons: Jakobstad

Jakobstad (finsk Pietarsaari) er ein by og kommune i landskapet Österbotten i Finland. Kommunen har ein folkesetnad på 19 431, og eit areal på 122,9 km², der 87,8 km² er land. Jakobstad grensar til kommunane Nykarleby, Pedersöre og Larsmo.

Jakobstad er ein tospråklig kommune med svensk som majoritetsspråk (56,3 %) og finsk som minoritetsspråk.

Byen vart grunnlagd 1652 av Ebba Brahe, enke etter Jacob De la Gardie, som namnet Jakobstad kjem av. Det finske namnet på byen, Pietarsaari ('Petersøya'), er ei lydhermande omsetjing av namnet på omlandskommunen, Pedersöre.

Jakobstad har ein lang tradisjon innan skipsbygging og sjøfart. I sentrum av byen ligg ein botanisk hage, Skolparken. Nær parken ligg Skata, eit trehusområde med smale gater.

Den finske nasjonalskalden Johan Ludvig Runeberg var fødd i Jakobstad.

Venskapskommunar[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]