Latvia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Latvijas Republika

(norsk: Latvia, latvisk)

Det latviske flagget Det latviske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Dievs, svētī Latviju!»
Motto Ikkje noko
Geografisk plassering av Latvia
Offisielle språk Latvisk
Hovudstad Riga
Styresett
Republikk
Raimonds Vējonis
Laimdota Straujuma
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
64 589 km² (123.)
1,5 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
1 944 643 (144.)
30,1 /km² (148.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
  - Tapt
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Russland
18. november 1918
11. august 1920
17. juni 1940
Frå Sovjetunionen
4. mai 1990
21. august 1991
Nasjonaldag 4. mai
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
49 890 mill. USD (106.)
25 300 USD (54.)
Valuta Euro
Tidssone UTC +2
Telefonkode +371
Toppnivådomene .lv


Republikken Latvia er eit lite land nordaust i Europa. Latvia grensar til Austersjøen i vest, til Estland i nord, til Russland og Kviterussland i aust og til Litauen i sør. Landet er òg kalla Lettland[1], eit namn som var vanleg på norsk særleg i mellomkrigstida då landet fyrst fanst på europakartet som eiga eining.

Landet vart okkupert av sovjetiske troppar sumaren 1940 som del av Molotov-Rinnetrop-avtala, der mellom anna dei baltiske statane vart gjevne til Sovjetsamveldet av tyskarane, utan omsut til folket i dei tre landa. Frå 1940 til 1991, avbrote av den tyske okkupasjonen 1941-1944/45, var landet underlagt styret i Moskva som den latviske sosialistiske sovjetrepublikken. Dagens republikk kom til i 1991, då landet braut ut av Sovjetunionen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Latvisk geografi.
Kart over Latvia

Store delar av Latvia er skogkledd, og landet har over 12 000 små elvar og over 3 000 sjøar. Den største innsjøen i Latvia er Lubāns (20-100 km²). Daugava er den lengste elva med ei total lengd på 1 020 km lang, der 367 km renn i Latvia.

Mesteparten av landet er sett saman av dyrkande låglandssletter, med nokre åsar aust i landet. Det høgste punktet er Gaiziņkalns (eller Gaiziņš) på 312 meter over havet.

I nordvest opnar Rigabukta seg ut mot Austersjøen. Hovudstaden Riga ligg inst i denne bukta ved utløpet til elva Daugava (tidlegare Dvina eller Dyna på norsk). Andre større byar er Daugavpils lenger opp langs elva og Liepāja på vestkysten.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Latvia har eit temperert klima som ikkje er ulikt det ein finn i Skandinavia. Austersjøen medverkar i stor grad til dette, og fører til kjølig og fuktig vêr året rundt, og vintertemperaturane er relativt milde samanlikna med andre område på same breiddegrad. Lett snøfall er vanleg over heile landet om vinteren, men smelteperiodar som kjem med jamne mellomrom hindrar snødekket i å verta for djupt. Om sumaren har ein regn og regnbyer om lag kvar andre eller tredje dag. Mai og juni er den turraste tida på året. Riga har ein normal årsnedbør på 567 mm.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kommunekart over Latvia

Sidan 2009 har Latvia vore delt inn i 110 kommunar og ni bykommunar.[2] Kommunane og byane har same status og myndigheit. Før denne reforma hadde landet 26 fylke og 525 kommunar.[3] Byane som utgjer eigne kommunar er Daugavpils, Jēkabpils, Jelgava, Jūrmala, Liepāja, Rēzekne, Rīga, Valmiera og Ventspils.

Latvia har fem planleggingsregionar: Riga, Kurland, Latgale, Vidzeme og Zemgale. Dei fire historiske landskapa i landet, Kurland, Latgale, Vidzeme og Zemgale, er anerkjende i grunnlova,[4] men har inga administrativ tyding.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste innbyggjarane i Latvia er latviarar. Dei utgjer rundt 62,1 % av folketalet. Nesten 26,9 % er russarar.[5] I nokre byar, til dømes Daugavpils og Rēzekne, er russarar i fleirtal. Det bur og minoritetar i landet, som kviterussarar, ukrainarar, polakkar og litauarar i Latvia. Latvia har lenge hatt ein etnisk blanda folkesetnad. Ved den fyrste offisielle folketeljinga, i 1897, utgjorde latviarar 68,3 %, russarar 12 %, jødar 7,4 % tyskarar 6,2 % og polakkar 3,4 %. Sidan har denne samansetninga vart endra av utryddinga av jødane under andre verdskrigen, utvandring av tyskarar etter andre verdskrigen, og innvandring av russarar og andre folk frå Sovjetunionen i sovjettida.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Domkyrkja i Riga sett frå gamlebyen.

Latvia, historisk inndelt i Livland og Kurland, vart dominert av den tyske riddarordenen fram til 1500-talet, då Polen-Litauen fekk større innverknad. I 1621 hærtok kong Gustav II Adolf av Sverige Livland, som vart verande svensk frå 1629 til 1709, då Livland vart del av Russland etter slaget ved Poltava. Kurland var lenge sjølvstendig eller ein polsk vasall, men vart russisk i 1795.

Tyske styrkar hærtok Latvia og Estland i 1917-18 og oppretta vasallstatar som var styrte av den tyske overklassa i Baltikum. Latvia erklærte seg so sjølvstendig den 18. november 1918 etter tyskarane hadde tapa krigen i vest og tyske styrkar i aust måtte draga seg attende til Tyskland. Etter ein kamp mellom "dei kvite" og "dei raude" styrkane frå den russiske revolusjonen fekk Latvia til å hevda sjølvstendet sitt andsynes Sovjet-Russland, forfatta eiga grunnlov den 11. august 1920 og vart verande ein demokratisk republikk gjennom heile mellomkrigstida.

17. juni 1940 vart landet så hærteke av Den Raude Armeen og vart ein sovjetrepublikk. Den 6. september 1991 fekk Latvia så sjølvstende frå Sovjetunionen. Den nye grunnlova bygde på henne frå 1920. I 2004 vart landet medlem av NATO og EU.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Latvia har ei nasjonalforsamling (Saeima) med to kammer, med 100 representantar som vert direkte valde for periodar på fire år. Presidenten vert vald av nasjonalforsamlinga for periodar på fire år. Presidenten utnemner statsministeren som utpeikar regjeringa si, som må vinna ei tillitsvotering i nasjonalforsamlinga.

20. september 2003 resulterte ei folkerøysting i 66,9% fleirtal for å gå inn i EU. 1. mai 2004 gjekk Latvia inn i unionen. Landet har vore NATO-medlem sidan 29. mars 2004.

Nasjonaldagen til Latvia er den 18. november. Det er då landet fyrst vart sjølvstendig, i 1918.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Etter frigjeringa har Latvia avskaffa planøkonomien og gått over til privat eigarskap av selskap, bankar og jord. Staten har likevel halda på delvis eigarskap i nokre store selskap.

Overgangsøkonomien til Latvia vart hardt råka av den russiske økonomiske krisa (Rubelkrisa) i 1998 fordi Latvia då handla mykje med Russland. Etter dette har latviske styresmakter og selskap orientert seg meir mot eksport til EU-land og dette har gjort Latvia mindre bunde av Russland både økonomisk, politisk og kulturelt. At Latvia vart WTO-medlem i februar 1999 og EU-medlem i mai 2004 har berre vore med på å styrkja orienteringa til landet meir og meir mot Vesten.

Likevel slit Latvia enno med ting som budsjettunderskot og korrupsjon. Regjeringa freistar å effektivisera skatteinnkrevjinga for å få bukt med noko av underskotet.

Bruttonasjonalproduktet til Latvia var 26,53 milliardar amerikanske dollar i 2004.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Språk[endre | endre wikiteksten]

Det offisielle språket er latvisk. Latvisk er eit indoeuropeisk språk i den austbaltiske språkgruppa. Det vert skrive med latinske skriftteikn, som er ein del av det latinske alfabetet, men har eigne diakritiske teikn. Språket er nærast i slekt med samogitisk, litauisk og dei no utdøydde gammelprøyssisk og selisk.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste latviarar er kristne. Den største trusretninga er protestantisk, deretter katolsk og russisk-ortodoks. Livland som er den nordøystre delen av landet var del av det svenske imperiet i mange hundre år og difor er protestantismen særleg stor her og i byane der dei nordtyske hanseattane dreiv handel; medan katolikkane er mest talrike i sørvest i det gamle storhertugdømet Kurland. Dei russisk-ortodokse er i hovudsak etterkomarar av russarane som kom til landet i tsartida eller sovjettida.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bokmålsordboka | Nynorskordboka», ordbok.uib.no, henta 29. november 2021 
  2. «Latvia» Arkivert 2014-03-30 ved Archive.is, Division of Powers.
  3. History and progress of territorial reform in Latvia Arkivert 2010-08-16 ved Wayback Machine. (PDF), Riga, 2009.
  4. The Constitution of the Republic of Latvia Arkivert 2013-12-05 ved Wayback Machine., Latvijas Republikas Saeima.
  5. census 2011

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Latvia