James David Forbes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
James David Forbes
James David Forbes.png
Fødd 20. april 1809
Edinburgh i Skottland
Død 21. desember 1868 (59 år)
Clifton i Bristol i England
Statsborgarskap Storbritannia
Nasjonalitet skotsk
Område Fysikk
Glasiologi
Alma mater Edinburgh University
Utmerkingar Keithprisen til Royal Society of Edinburgh (1833-5, 1841-3, 1863-5)
Rumfordmedaljen til Royal Society (1838)
Gullmedaljen til Royal Society (1843)
Merknader
Medlem av Highland Society (1836)
Gravstad: Dean Cemetery i Edinburgh

James David Forbes (20. april 180931. desember 1868)[1] var ein skotsk fysikar og glasiolog som arbeidde mykje med varmeleiing og seismologi. Forbes budde i Edinburgh det meste av livet sitt og var lærar ved Universitet og ein professor der frå 1833 til han vart rektor ved United College of St. Andrews i 1859.

Han arbeidde mykje med isbreane i Alpane og Noreg, som han utforska på fleire reiser i 1840- og tidleg i 1850-åra. Forbes skreiv Travels Through the Alps of Savoy (1843), Norway and its Glaciers (1853).

Han fann opp seismometeret i 1842.[2]

Forbesbreen i Graham Land er kalla opp etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mal:DSB
  2. Waterston, Charles D; Macmillan Shearer, A (Juli 2006). Former Fellows of the Royal Society of Edinburgh 1783-2002: Biographical Index. I. Edinburgh: The Royal Society of Edinburgh. ISBN 978-0-902198-84-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: James David Forbes

Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.