Jakob Edvard Stuart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå James Francis Edward Stuart)
Hopp til navigering Hopp til søk
Jakob Edvard Stuart
Portrait of Prince James Francis Edward Stuart by Francois De Troy.jpg
Fødd10. juni 1688
St. James's Palace
Død1. januar 1766
Roma
Alle titlarfyrsten av Wales
Hus eller slektHuset Stuart
GravstadGrotte Vaticane
LandKongeriket Storbritannia, Storbritannia
MorMaria av Modena
FarJakob II av England
EktefelleMaria Klementyna Sobieska
BarnKarl Edvard Stuart, Enrico Benedetto Stuart

Jakob Edvard Stuart, engelsk James Francis Edward Stuart eller Stewart (10. juni 16881. januar 1766) var den jakobittiske tronpretendenten til den skotske og engelske trona frå 16. september 1701 til han døydde. Stuart vart ofte kalla The Old Pretender. Jakobittane refererte til han som Jakob III av England og Jakob VIII av Skottland.

Protrett av Jakob Edvard Stuart

Han var son av Jakob II av England (Jakob III av Skottland),[1] som vart avsett som konge av Vilhelm III av England. Han gjorde derfor krav på tittelen som konge av England, Skottland og Irland då faren døydde i 1701. Han vart då mellom anna anerkjend som den rettmessige kongen av Ludvig XIV av Frankrike, syskenbarnet sitt.[1] Han prøvde utan hell å invadera Skottland i 1708. I 1714 prøvde jakobittane å lansera Jakob som eit bedre kongsemne enn hannoveraren Georg, men dette var umogleg i det reformerte Storbritannia ettersom Jakob heldt fast på den katolske trua si.[1]

Då han døydde vart sonen Karl Edvard Stuart, òg kalla Bonnie Prince Charlie og The Young Pretender, den jakobittiske tronpretendenten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Jakob Edvard Stuart». Store norske leksikon (på norsk). 12. november 2018.