Jan Carlzon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jan Carlzon
Fødd 25. juni 1941
Nyköping
Yrke forretningsdrivande

Jan «Janne» Gösta Carlzon (fødd 25. juni 1941 i Nyköping)[1] er ein svensk forretningsmann. Han er mest kjent frå perioden då han var administrerande direktør og konsernsjef for SAS frå 1981 til 1993. I SAS vart Carlzon kjent som ein nytenkjande leiar med fokus på kunden og ein flat organisasjon, og han revolusjonerte flyindustrien med eit stadig fokus på kundeservice.[treng kjelde]

Jan Carlzon vart utdanna som siviløkonom ved Handelshögskolan i Stockholm i 1967. Han starta karrieren i reiselivsnæringa i Vingresor, der han var produktsjef i 1969-71, marknadsdirektør for Vingresor og Club 33 1971-73 og administrerande direktør 1974-78. I 1978 vart Carlzon administrerande direktør for Linjeflyg. 18. september 1980 vart han tilsett i SAS som viseadministrerende direktør og sjef for flyverksemda.[2] Han vart administrerande direktør og konsernsjef i selskapet i 1981.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sveriges befolkning 1970, (CD-ROM version 1.04) Sveriges Släktforskarförbund 2003
  2. Madeleine Stevelius, Lars Lagerstedt (1981). Anno 80 : Svenska Dagbladets årsbok. Stockholm: Bokförlaget Corona & Svenska Dagbladet. s. 30. ISBN 91-85556-14-9. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]