Jan Elvheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jan Elvheim

Jan Henrik Elvheim (8. juli 194917. mai 2019) var ein norsk sjømann, arbeidar og politikar frå Vefsn i Nordland. Han representerte Troms fylke og ArbeidarpartietStortinget i perioden 1989-93.

Elvheim var son til ein arbeidar. Sjølv var han sjømann frå 1965 til 1970. Etter eit år på yrkesskule fekk han i 1971 jobb som platearbeidar, fyrst ved Harstad Stålindustri til 1981 og sidan på Kaarbøs Mekaniske Verksted, begge verksemdene heimehøyrande i Harstad.

Frå 1980 til 87 representerte Elvheim Arbeidarpartiet i Harstad bystyre, siste fireårsperioden med sete i formannskapet. Perioden 1982-88 var han landsstyremedlem i Jern- og metallarbeiderforbundet. Hausten 1989 vart han vald til stortingsrepresentant frå Troms. På Stortinget var han medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen. Han lukkast ikkje verte attvald i 1993, men møtte eit par gongar som vararepresentant 1993-97.

Elvheim var LO-sekretær i Troms i mange år fram til 2012?. Han var sidan bystyrerepresentant i Harstad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]