Harstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Harstad
By
none
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms
Kommune Harstad
Areal 11,62 km²
Folketal 20 770 (2015)
Folketettleik 1 787 / km²
Innbyggjarnamn harstadværing
Preposisjon i Harstad
Wikimedia Commons: Harstad

Harstad er ein by og administrasjonssenteret i Harstad kommune i Troms fylke. Byen har 20 770 innbyggjarar (2015) og er etter folketal den nest største i Troms, og den tredje største i Nord-Noreg.

Byen ligg nordaust på Hinnøya, og den nord- og sørgåande Hurtigruta møtast her kvar morgon. Harstad er ein kulturby og er fast vertsskap for Festspela i Nord-Norge, som blir arrangert kring Sankthans kvart år. Harstad kulturhus stod ferdig i 1992.

UiT Noregs arktiske universitet har campus i Harstad, med om lag 1 200 studentar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]