Japanmakak-rhadinovirus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Japanmakak-rhadinovirus (JMRV) er eit rhadinovirus som nyttar japanmakaken som vert. Det vart funne i arrvev hjå japanmakakar med den demyeliniserande sjukdomen japanmakakencefalomyelitt, ein sjukdom som kan minna om menneskesjukdomen multippel sklerose.[1]

Japanmakak-rhadinovirus er nært i slekt med rhesusape-rhadinovirus. Mellom dei kjende menneskevirusa er det nærast i slekt med Kaposi-sarkom-assosiert herpesvirus.[1]

Genomet til japanmakak-rhadinovirus kodar for fleire mikro-RNA, der fleire er homologe til mikro-RNA frå Kaposi-sarkom-assosiert herpesvirus og rhesusape-rhadinovirus.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Estep, R. D; Hansen, S. G; Rogers, K. S; Axthelm, M. K; Wong, S. W (2012). «Genomic Characterization of Japanese Macaque Rhadinovirus, a Novel Herpesvirus Isolated from a Nonhuman Primate with a Spontaneous Inflammatory Demyelinating Disease». Journal of Virology 87 (1): 512–23. PMC 3536378. PMID 23097433. doi:10.1128/JVI.02194-12. Arkivert frå originalen 22. juni 2020. Henta 20. desember 2017. 
  2. Skalsky, Rebecca L; Barr, Sarah A; Jeffery, Andrew J; Blair, Tiffany; Estep, Ryan; Wong, Scott W (2016). «Japanese Macaque Rhadinovirus Encodes a Viral MicroRNA Mimic of the miR-17 Family». Journal of Virology 90 (20): 9350. PMID 27512057. doi:10.1128/JVI.01123-16. [daud lenkje]