Japonisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå Hiroshige sine 100 utsyn frå Edo, nr. 52, Ettermiddagsskur ved Atake og Den store bruar (1857), og Van Gogh sitt Japonaisseri. Elv i regn (1888), Van Gogh-museet i Amsterdam.

Japonisme (fransk japonisme, først brukt i 1872[1]) viser til påverknaden frå japansk kunst, kultur og estetikk på vestleg kultur.[2][3] Omgrepet viser særleg til den japanske innverknaden på europeisk kunst som i impresjonismen.[4] I Frankrike bruker ein ordet japonisme om ein spesifikk fransk stil som hovudsakleg fanm uttrykk innanfor kunsten frå 1864.[5] I England hadde japonisme opprhavleg innverknad på dekorativ kunst, med dei første dokumenterte døma på møblar i anglo-japansk stil i 1862, sjølv om omgrepet anglo-japansk blei brukt allereie i 1851.[6]

Frå 1860-åra bleo ukiyo-e, japanske tresnitt, ei kjelde til inspirasjon for mange europeiske impresjonistiske målarar i Frankrike og andre stader, og til slutt for jugendstil og kubisme. Kunstnarane var spesielt tiltrekte av mangelen på perspektiv og skugge, flate område med sterke fargar, og det å plassera subjektet utanfor sentrum, for det meste med ein låg diagonal akse i bakgrunnen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Av Jules Claretie i boka L'Art français en 1872 og av Philippe Burty (1830–1890) i Japonisme III: La Renaissance littéraire et artistique
  2. «Définition japonisme et traduction». Le Dictionnaire. Henta 7. juni 2013. 
  3. «Japonism». Dictionary.com. Henta 7. juni 2013. 
  4. «Japonism». The Free Dictionary. Henta 7. juni 2013. 
  5. Colta F. Ives, The Great Wave: The Influence of Japanese Woodcuts on French Prints, 1974, The Metropolitan Museum of Art, ISBN 0-87099-098-5
  6. Widar Halen i Christopher Dresser, 1990, p. 33

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Japonisme