1860-åra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Campo Grande under Trippelalliansekrigen, måla av Pedro Américo.

1860-åra var eit særs uroleg tiår i Amerika og Europa, prega av revolusjonar i Det osmanske riket og Tyskland og borgarkrig i USA. Det blei utvikla militærteknologi som krigsskip av jern og stål, undervassbåtar og ein tidleg utgåve av maskingevær, og USA opplevde total krigføring med store tap av menneskeliv, byar og eigedom. Den atlantiske slavehandelen, som hadde vore i nedgang sidan 1820-åra, braut saman då USA innførte forbod mot slaveri.

Krigar og konfliktar[endre | endre wikiteksten]

Keisarlege styrker tek Yuhuatai, nær Nanjing, under det kinesiske Taipingopprøret.

Politiske drap

Viktige politiske hendingar[endre | endre wikiteksten]

Vitseteikning om samlinga av Italia.

Vitskap og teknologi[endre | endre wikiteksten]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Kollasj av Mary Georgina Filmer frå midten av 1860-talet.

Biletekunst[endre | endre wikiteksten]

Impresjonismen gjorde seg gjeldande med utstillingar i Salon des Refusés av måleri refuserte av Salon de Paris.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Klesdrakt[endre | endre wikiteksten]

Viktoriatida prega kulturen i Det britiske imperiet, og påverka kulturen i land som USA. Innan vestleg mote nådde skjørtet på kjolar si største vidde med bruk av krinoline og seinare for å halda plagget utover. Utviklinga av dress og smoking fortsette blant menn, med dressjakke, bukse og vest i same stoff som ei uvanleg nyskaping. Flosshatten fekk si høge sylinderforma utforming i dette tiåret. Stetsonhatten «Boss of the Plains», prototypen på den verdskjende cowboyhatten, blei utforma for livet i det ville vesten.

Sport og spel[endre | endre wikiteksten]

Skisport blei utvikla med skipinga av dei første skiklubbane og tidlege konkurransar. Trysil Skytte- og Skiløberforning blei skipa 20. mai 1861 i Trysil.[1] Same året blei skiklubben Kiandra Snow Shoe Club skipa i Kiandra i Australia.[2] Inderøens Skiløberforening blei også skipa dette tiåret.[3] Dei første organiserte langrennsløpa blei haldne, med eit tidleg døme dokumentert i Plumas i California i 1861,[4] Den første skihoppkonkurransen blei halden i Trysil i 1862; det første kjende skihoppet av ei kvinne fann stad under same konkurranse året etter.[5]

Sykling tok av då syklar med pedalar blei utvikla i Frankrike. Denne sykkelen blei vidareutvikla til veltepetteren med stort framhjul i Storbritannia og Nord-Amerika.

Viktige personar[endre | endre wikiteksten]

Abraham Lincoln med Allan Pinkerton og majorgeneral John A. McClernand kort tid etter slaget ved Antietam i Maryland i 1862.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vaage, Jakob (1979). Skienes verden (på Norwegian). Oslo: Hjemmets forlag. s. 269. ISBN 9788270061686. 
  2. Neubauer, Ian Lloyd (August 25, 2011), «The Long Run: Australia's Storied Ski Heaven», Time (Time, Inc.), http://content.time.com/time/travel/article/0,31542,2090310,00.html, henta 2015-12-27 
  3. Ystad, Andreas; Sakshaug, Ingevald (1973). Inderøyboka. Ei bygdebok for Inderøy, Røra og Sandvollan. (på Norwegian). Inderøy, Norway: Inderøy kommune. 
  4. «Longboards at Mammoth». Mic Mac Publishing. http://www.thestormking.com/tahoe_nuggets/Nugget_170/nugget_170.html. Henta 25. september 2012. 
  5. Saur, Lasse (1999): Norske ski - til glede og besvær. Research report, Høgskolen i Finnmark; E. John B. Allen (2011). Historical Dictionary of Skiing. Scarecrow Press. s. 35. . Opgjevne i «History of skiing» på Engelsk Wikipedia.

< 1860-åra >

1860 | 1861 | 1862 | 1863 | 1864 | 1865 | 1866 | 1867 | 1868 | 1869 |