Jaromír Jágr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jaromír Jágr

Jagr Czech1.png
Jaromír Jágr under OL 2010

Statsborgarskap Tsjekkoslovakia, Tsjekkia
Fødd 15. februar 1972 (49 år)
Kladno
Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, 1989 IIHF European U18 Championship, Junior-VM i ishockey 1990, Ishockey-VM 1990, 1991 Canada Cup, Ishockey-VM 1994, Ishockey-VM 2002, Ishockey-VM 2004, 2004 World Cup of Hockey, Ishockey-VM 2009, Ishockey-VM 2010, Ishockey-VM 2011, Ishockey-VM 2014, Ishockey-VM 2015, 1996 World Cup of Hockey

Utmerkingar

Den tsjekkiske republikks fortjenstmedalje, Best NHL Player ESPY Award, Golden Hockey Stick, Ted Lindsay Award, Hart Memorial Trophy, Art Ross Memorial Trophy, Art Ross Memorial Trophy, Art Ross Memorial Trophy, Art Ross Memorial Trophy, Art Ross Memorial Trophy, Bill Masterton Memorial Trophy, Lester B. Pearson Award, Lester B. Pearson Award, Lester B. Pearson Award, Triple Gold Club, æresborger i Kladno, Den tsjekkiske republikks fortjenstmedalje

Jaromír Jágr (fødd 15. februar 1972) er ein tsjekkisk tidlegare ishockeyspelar frå Kladno. Han høyrer til eit lita gruppe ishockeyspelarar som både har vorte olympisk meister, verdsmeister og vunne Stanley Cup. Jágr var høgreveng og vert nemnd som ein av tidenes beste ishockeyspelarar.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Jágr spelte på Poldi Kladno, ishockeyklubben i heimbyen, frå 1988 til -90. Dei neste elleve sesongane gjorde han teneste i USA-klubben Pittsburgh Penguins, der han i 1991 og 1992 var med om å vinne Stanley Cup. Han vart dessutan toppskårar i National Hockey League 1995, 1998, 1999, 2000 og 2001. Sidan var han aktiv i tre sesongar for Washington Capitals så vel som for New York Rangers. I til saman fire sesongar spelte han for russiske Avangard Omsk, før han i 2012 var tilbake i NHL-serien. Perioden 2012-18 var han innom seks ulike klubbar før han vende tilbake til heimbyen og tok styringa over ishockeyklubben.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Jágr vann olympisk gull med Tsjekkia sitt landslag under Vinter-OL 1998 i Nagano. Sidan leia han Tsjekkia til siger i Ishockey-VM 1998 og Ishockey-VM 2010. Dessutan vann han VM-bronse i 1990 for Tsjekkoslovakia, samt OL-bronse i 2006 og VM-bronse i 2011 for Tsekkia. Han var flaggberar for Tsjekkia under Vinter-OL 2010 i Vancouver.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]