Jelena Jelesina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jelena Jelesina
Statsborgarskap Russland
Fødd 4. april 1970 (54 år)
Tsjeljabinsk
Yrke høydehopper
Språk russisk
Høgd 183 centimeter

Jelena Borisovna Jelesina (fødd 4. april 1970) er ein russisk tidlegare høgdehoppar frå Tsjeljabinsk. Ho vart olympisk meister i øvinga under Sommar-OL 2000 med 2,01 m, ein centimeter under den personlege rekorden.

Jelesina vann i 1989 høgdetevlinga ved junior-EM. I 1990 forbetra ho den personlege rekorden til 2,02 m under eit stemne i Seattle i USA og tok bronsen i EM i Split med eit hopp på 1,96 m. Året etter vann ho sølvmedaljen under VM 1991 i Tokyo og vinteren 1992 enda ho på tredjeplass ved innandørs-EM.

Skadar og barnefødsel gjorde at Jelesina ikkje kom tilbake i verdseliten før enn 1998-sesongen. Under verdsmeisterskapen 1999 var ho ein av dei tre utøvarane som tok seg over 1,99 meter, noko som for henne enda med sølv ettersom ukrainske Inha Babakova klarte høgda før henne. I den olympiske høgdefinalen 30. september 2000 i Sydney stoppa Jelesina og sørafrikanske Hestrie Cloete opp på vinnarhøgda 2,01 meter, men her gjekk gullmedaljen til Jelesina. Så seint som vinteren 2003 tangerte Jelesina innandørs sitt personbeste på 2,02 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]