Heike Henkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Heike Henkel

Heike Henkel cropped.jpg

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 5. mai 1964
Kiel
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar
Heike Henkel i 2007

Heike Henkel (fødd Heike Redetzky5. mai 1964) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Kiel i Schleswig-Holstein som tevla i høgdehopp. Ho vann gullmedaljen i EM 1990, VM 1991 og OL 1992.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Heike Redetzky deltok i høgdehopp under sommar-OL 1984 i Los Angeles og vart nummer 11 med 1,85 m i finalen. To år seinare kom ho på sjetteplas i friidretts-EM i Stuttgart. Same plasseringa fekk ho i VM i friidrett 1987 i Roma, men då etter eit hopp på 1,96 meter. Under sommar-OL 1988 i Seoul rauk ho etter kvalifiseringa, med knapp margin.

Henkel var den einaste deltakaren som tok seg over 1,99 m i høgdetevlinga for kvinner under EM i friidrett 1990 i Split. Året etter var ho i framifrå form og tok i august over den tyske rekorden etter Ulrike Meyfarth då ho i Monaco svinga seg over 2,04 m. Nokre veker seinare vann ho EM-tittelen på suverent vis, vinnarresultatet 2,05 m gav henne sju cm margin til sølvmedaljøren Jelena Jelesina frå Sovjetunionen.

Vinteren 1992 forbetra Henkel den tyske innandørsrekorden i høgdehopp til 2,07 m. Den 7. august 1992 vart ho i Barcelona olympisk meister med 2,02 m, sterkast konkurranse fek ho frå rumenske Galina Astafei som stopppa på 2,00 m. Henkel kvalifiserte seg til VM-finalen 1993, men stilte ikkje opp grunna skade. Året etter kvalifiserte ho seg til EM-finalen i Helsingfors, men rauk ut allereie etter 1,85 m. I 1995 mislukkast ho å kvalfisere seg til høgdehoppfinalen i friidretts-VM i Göteborg.

Henkel la opp i 2000.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]