Jeniseiske språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jeniseiske språk
Vidare inndeling:
  • Nordjeniseiske språk
  • Sørjeniseiske språk
Tala i: Russland
Område: Sentrale Sibir
Talarar: 190
Kart over utbreiinga til dei jeniseiske språka på 1800-talet

Jeniseiske språk er ein språkfamilie i Kranojarsk kraj i det sentrale Sibir. Familien består av språka ketisk, jugh, kottisk og pumpokol, av desse har berre ketisk talarar i dag. Ifølgje Ethnologue hadde ketisk mellom 550 og 990 talarar i 1995. Under folketeljinga i 2002 blei det tala av 190 menneske frå ein etnisk folkesetnad på 1 494.[1]

Det finst teoriar om språkslektskap mellom jeniseiske språk og na-dené-språk i Amerika. Dette er ikkje allmennt akseptert, men det er nok den mest sannsynlege av hypotesene om språkslektskap over Beringstredet. Eit nyare studium av dei moglege banda mellom desse språka blei lagt fram av Edward Vajda i 2008.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lewis, M. Paul (red.) (2009). «Ethnologue: Languages of the World, Sixteenth edition» (engelsk). Tex.: SIL International. Henta 9. september 2009. 
  2. Edward Vajda (Mars 2008). «A Siberian Link with Na-Dene Languages» (PDF) (engelsk). Dene-Yeniseic Symposium, Fairbanks, Western Washington University. Henta 9. september 2009.