Ketisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ketisk
Klassifisering: Dene-jeniseisk?
 Jeniseisk
  Nordjensiseisk
   Ketisk
Bruk
Tala i: Flag of Russia.svg Russland
Ketisktalande i alt: 190
Språkkodar
ISO 639-3: ket

Ketisk er det einaste gjenlevande jeniseiske språket, og har ca 210 talarar[1] i Turukhansk- og Bajkit-rajonane i Kraxnojarsk kraj i Sibir i Russland. Dei tre språka jugh, kott og pumpokol høyrde til òg dei jeniseiske språka, men dei har no døydd ut.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

I mars 2008 la språkforskaren Edward Vajda fram resultata frå meir enn 10 års forsking på ketisk, og konkluderte med at dei jeniseiske språka er i slekt med na-dené-språka i Nord-Amerika, og dannar med desse familien dene-jeniseiske språk.[2] Avhandlinga til Vajda har blitt vel motteke av forskarar som har studert både jeniseiske språk og na-dené-språk, og av andre anerkjende språkforskarar.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Ketisk skil seg frå alle andre sibirske språk. Der alle naboane er suffikserande språk med postposisjonar, stammeklassar heller enn bøyingsklassar, og utan genusdistinksjonar, står ket i ein klasse for seg. Det har prefiks i staden for suffiks i verbbøyinga, substantiva er delt inn i animata og inanimata, og dei animate er delt inn i maskulin og feminin. Ketisk har også tonem.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Som alle andre minoritetsspråka i Sovjetunionen fekk ketisk eit skriftspråk på 1930-talet, men det er ikkje mykje i bruk.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010
  2. A Siberian Link with Na-Dene Languages (engelsk) (Mars 2008).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]