Jens Edvin A. Skoghøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jens Edvin A. Skoghøy
Fødd 16. februar 1955 (64 år)
Tromsø
Yrke Høgsterettsdommar

Jens Edvin Andreassen Skoghøy (fødd 16. februar 1955 i Tromsø) er ein norsk jurist og dommar i Høgsterett. Han tiltredde som høgsterettsdommar 15. august 1998.

Han tok juridisk embetseksamen i 1980. Han var deretter dommarfullmektig i Tromsø byrett 1980-81, sekretær for Straffelov-kommisjonen 6 månader i 1981, forskingsstipendiat ved Nordisk institutt for sjørett ved Universitetet i Oslo i 1982 og privatpraktiserande advokat 1983-1987. Han blei advokat med møterett for Høgsterett i 1988. Han var utdanningsstipendiat ved Institutt for rettsvitskap ved Universitetet i Tromsø 1988-1990, og vart dr. juris i 1990. Han var professor i rettsvitskap ved Universitetet i Tromsø frå 1990 til 1998.

Skoghøy har skrive ei rekkje bøker i blant anna panterett og sivilprosess.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]