Jens P. Flå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jens P. Flå
Fødd 13. februar 1923

Rennebu

Død 31. januar 2002
Rennebu
Parti Kristeleg Folkeparti

Jens P. Flå (13. februar 192331. januar 2002) var ein norsk gardbrukar frå Rennebu, stortingsrepresentant 1973-85 for Kristeleg Folkeparti.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Flå var utdanna ved Tomb jordbruksskole og arbeidde frå 1951 som gardbrukar i Rennebu. Ved sidan av å drive gard var han mellom anna aktiv som handelsbetent, meieriarbeidar, kontorassistent – og i seinare år òg som medarbeidar i lokalradio.

Flå var formann i Rennebu Kristeleg Folkeparti 1948–51. Han var medlem av Rennebu kommunestyre frå 1948, ordførar i periodane 1960-65 og 1968-73. I tida som ordførar var han tidvis medlem av fylkesutvalet, fylkeslandbruksstyret, fylkesskogrådet og fylkeslønnsutvalet i Sør-Trøndelag.

Han var stortingsrepresentant frå Sør-Trøndelag i tre periodar, og sat på Stortinget frå 1973 til 1985. Flå var ein markert EF-motstandar, og fekk fast plass på Stortinget etter at Sør-Trøndelag Kristeleg Folkeparti vraka den sitjande stortingsrepresentanten, ja-mannen Kristoffer Rein, i ein dramatisk nominasjonsprosess i 1973. På Stortinget haddet Flå sete i både Finanskomiteen, Valkomiteen og Kommunal- og miljøvernkomiteen.

Flå var sterkt engasjert i kyrkje og misjon, og var formann i både Rennebu menighetsråd og Rennebu indremisjonsforening. Han var medredaktør av bøkene Ein såmann gjekk ut og Misjonshistorie for Rennebu for dei siste 150 år.

Medlemsskap i stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

  • Finanskomiteen 1973-1977
  • Valkomiteen 1973-1977
  • Finanskomiteen 1977-1981
  • Valkomiteen 1983-1985
  • Kommunal- og miljøvernkomiteen 1981-1985

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]