Jeremy Corbyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jeremy Corbyn
Jeremy Corbyn election infobox 2.jpg
FøddJeremy Bernard Corbyn
26. mai 1949
Chippenham
Statsborgar avStorbritannia
PartiDet britiske arbeidarpartiet
Yrkefagforeiningsleiar, politikar
InstitusjonarAmnesty International
National Union of Public Employees
National Union of Tailors and Garment Workers
The Morning Star
Utdanna vedHaberdashers' Adams

Jeremy Bernard Corbyn (fødd 26. mai 1949) er ein britisk politikar og tidlegare leiar for Det britiske arbeidarpartiet (Labour Party}. Sidan 1983 har Corbyn vore medlem av Underhuset for Islington Nord i Indre London.[1]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Jeremy Corbyn vart fødd i Chippenham i Wiltshire i England som son av elektroingeniør David Corbyn og kona hans Naomi, ein matematikklærar ved Stafford Girls’ High School (no King Edward VI High School). Foreldra hans (døydde i 1986 og 1987) var fredsaktivistar som vart kjent med kvarandre under ein støttekampanje for den andre republikken under den spanske borgarkrigen.[2]

Corbyn vaks opp med veslebror sin, Piers, i Newport i Shropshire. Der gjekk han på Adams' Grammar School. Etter skulegangen byrja han som 18-åring på eit to års oppdrag for Voluntary Service Overseas (VSO)[3]Jamaica, før han vart fagforeiningsfunksjonær for National Union of Public Employees (NUPE).[4]

Etter ei kort tid ved North London Polytechnic (no University of North London, ein del av London Metropolitan University), avbraut han studiane og arbeidet som funksjonær for National Union of Tailors and Garment Workers (NUTGW).

Politikar[endre | endre wikiteksten]

I 1974 vart han valt til Councillor for bydelen Haringey i London. Han vart attvald fleire gonger og hadde vervet til 1984.[5] Corbyn arbeidde i 1981 i Tony Benn sin kampanje for stillinga som vara-partileiar for Labour. I 1983 vart han for første gong vald inn i parlamentet.[6]

Corbyn står til venstre i Labour.[7][8] Han er medlem av Socialist Campaign Group (ei gruppe av venstreorienterte parlamentsmedlemmar for Labour) og i Campaign for Nuclear Disarmament.[9] Han meiner at Storbritannia bør forlata NATO og han har òg sagt at meiner at Storbritannia bør gå ut av EU. Han har skildra EU som ein «frimarknadsklubb som trugar rettane til arbeidarane».[7] Han meiner at skattane bør aukast, og at den britiske jarnbana bør nasjonaliserast.[7] I løpet av åra sine i det britiske underhuset har Corbyn røysta mot partilinja meir enn 500 gonger i løpet av 32 år.[7]

Valet av Corbyn som partileiar den 12. september 2015 vart sedd på som ein av dei største politiske sensasjonane i nyare britisk politisk historie.[7] I partileiarvalet vann han med 59,5 prosent av stemmane, medan motstandarane hans Yvette Cooper og Liz Kendall fekk høvesvis 17 prosent og 4,5 prosent. Corbyn etterfølgde Harriet Harman som var vorte utsett til mellombels partileiar etter at Ed Miliband gjekk av. Innan Labour har han vore kontroversiell, og valet av han vart kritisert av blant anna dei tidlegare partileiarane Tony Blair og Gordon Brown. Tolv ministrar i Labour si skuggeregjering sa at dei ikkje ville halda fram i stillingane sine under Corbyn.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. www.parliament.uk
  2. Simon Hattenstone: Jeremy Corbyn: ‘I don’t do personal’. Interview i: The Guardian, 17. juni 2015, lest 13. september 2015.
  3. Homepage des VSO
  4. I 1993 vart denne fagorganisasjonen samanssmelta med NALGO – The National and Local Government Officers Association – og COHSE – The Confederation of Health Service Employees – til UNISON
  5. Jeremy Corbyn MP. Arkivert 24. september 2015 på Wayback Machine. Westminster Parliamentary Record, lest 13. september 2015.
  6. Jeremy Corbyn: About me, lest 13. september 2015.
    Westminster Parliamentary Record: Jeremy Corbyn MP Arkivert 24. september 2015 på Wayback Machine.
    Jeremy Corbyn MP Islington North, Labour. BBC – Democracy live, henta 13. september 2015.
    Who is Jeremy Corbyn? Labour leadership contender guide. BBC, 30. juli 2015.
    Who is Jeremy Corbyn? Everything you need to know about Labour’s most left-wing leadership hopeful. Mirror, 3. juni 2015.
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 Sonning, Staffan (12. september 2015), Jeremy Corbyn ny Labourledare, Sveriges Radio, henta 12. september 2015 
  8. Andersson, Bo Inge (12. september 2015), En revolution i Labour-partiet, Sveriges Television, henta 12. september 2015 
  9. «Campaign for Nuclear Disarmament». Henta 12. september 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]