Jesus liver, gravi brast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Jesus liver, gravi brast er Bernt Støylen si omsetjing av biskop Johan Nordahl Brun sin påskesalme Jesus lever, graven brast. Denne vart fyrste gong trykt med tre vers i Bruns si samling Evangeliske Sange, 1786.

Med eit kraftig språk framstår salmen som ein mektig påskesalme, og han er rekna som Bruns beste salme. I 1798 var salmen, i ein redusert versjon, trykt i Evangelisk-christelig Psalmebog . I kyrkjelyder som bruka denne salmeboka, var det vanleg at desse versa sunge som preikestolverspåskedagen. I Landstads kirkesalmebog vart dei to fyrste versa tekne med, i eit språk nærare originalen til Brun.

Salmen vart tidleg omsett til nynorsk; i Bernt Støylen si omsetjing er han med i Songbok for sundagsskule og uppbyggjingsmøte]]. Slik er han òg trykt i Nynorsk salmebok . I Norsk salmebok er det ein lett tillempa bokmålsversjon som vert bruka.

Melodien er frå 1664/1687, skriven av Johann Rudolph Ahle og omarbeidd av Wolfgang Karl Briegel.

Teksten[endre | endre wikiteksten]

Originaltekst:

JEsus lever, Graven brast
Han stod op med Gudoms Vælde,
Trøsten staaer som Klippen fast:
At hans Død og Blod skal gjelde.
Lynet blinker, Jorden bæver,
Graven brast og Jesus lever.
Jeg har vundet, JEsus vandt;
Døden opslugt er i Seyer,
JEsus Mørkheds Fyrste bandt,
Jeg min kiøbte Frihed eyer,
Aaben har jeg Graven fundet,
JEsus vandt og jeg har vundet!
Graven smiler, Døden leer,
Venlig den sig mod mig nærmer,
Træt og glad mit Øye seer,
Stædet, som mit Støv beskiermer,
Søde Fred! hvor Møye hviiler!
Døden leer og Graven smiiler.

Tekst i Nynorsk salmebok:

Jesus liver, gravi brast!
Han stod upp med guddoms velde.
Trøysti står som fjellet fast;
Kristi strid og blod skal gjelde.
Ljonet blinkar, jordi biver,
Gravi brast og Jesus liver!
Eg har vunne, Jesus vann!
Myrjheims makt for honom rømde;
Krist or grav utgangen fann
Og for evig dauden dømde.
Open hev eg himlen funne,
Jesus vann, og eg hev vunne!

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]