Jevnaker Idrettsforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Jevnaker Idrettsforening er eit idrettslag på Jevnaker i Oppland fylke. Laget har størst aktivitet i avdelingane med fotball og skeiser, driv elles med langrenn og turn. Jevnaker stadion vart opna i 1974. Stadionanlegget omfattar skeisebane, grasbane, kunststoffbane og fem mindre fotballbaner.

Jevnaker Idrettsforening reknar 1. juni 1911 som stiftingsdato, dagen for skipinga av Hadeland Glassverks Turnforening. Det sistnemnde var det eldste av fleire lokale lag som slo seg saman i fleire trinn gjennom 1920-åra.

Fotballl[endre | endre wikiteksten]

Laget innvigde i 1934 si fyrste grasbane på Haugerstranda. Både i 1937 og 1949 spelte Jevnaker seg til kvartfinalane i noregsmeisterskapen, der dei vart slått ut av osloklubbane høvesvis Lyn og Vålerengen IF.

Jevnaker deltok på nivå to i det norske seriesystemet i åra 1994-1996. Omlegging av seriesystemet frå to til ei divisjonsavdeling gjorde at sjuandeplassen i 1996 føede til nedrykk.

I 2015 spelte Jevnaker på nivå fire i norsk fotball. Den tidlegare landslagsspelaren Erik Hagen er tilbake på laget frå ein rundtur som omfatta spel for mellom andre Vålerenga IF og Zenit St. Petersburg i Russland.

Skeiser[endre | endre wikiteksten]

Den seinare olympiameisteren Ivar Ballangrud var medlem av Jevnaker IF til 1924. På 1950-talet var Sverre Haugli ein av dei beste skeiserennarane i Noreg, og barnebarnet Maren Haugli vart norsk allroundmeister to gongar på 2000-talet.

Lagsprofilar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]