Jimmy Haslip

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jimmy Haslip
Jimmy Haslip.jpg
Haslip på scenen i 2008
Verkeleg namn James Robert Haslip
Fødd 31. desember 1951 (66 år)
Bronx i New York City i USA
Instrument

bassgitar

Sjanger Jazzfusion, verdsmusikk, rock, R&B, heavy metal
Aktive år Sidan 1977
Yrke Musikar, komponist, produsent
Tilknytte artistar Yellowjackets, Holdsworth Pasqua Haslip Wackerman, Blackjack, Jing Chi, Tommy Bolin Band
Plateselskap Heads Up
Nettstad jimmyhaslipbass.com

James Robert Haslip (fødd 31. desember 1951) er ein USA-amerikansk bassist som var med å skipe jazzfusiogruppa Yellowjackets.[1] Han var òg tidleg ute med å bruke fem-strengs elektrisk bass.[2]

I 1976 flytta han ti Los Angeles der han spelte med gitaristane Tommy Bolin og Harvey Mandel..[3] I tillegg til Yellowjackets har han arbeidd med Jeff Lorber, Eric Marienthal, Bruce Hornsby, Rita Coolidge, Gino Vannelli, Kiss, Tommy Bolin, Allan Holdsworth, Marilyn Scott, Chaka Khan, Al Jarreau, Donald Fagen og Anita Baker.

Haslip har gjeve ut to soloalbum: Arc,[4] og Red Heat med Joe Vannelli i 2000.[5][6] Haslip var medlem av rockegruppa Blackjack i 1979 og 1980 med Bruce Kulick, Sandy Gennaro og Michael Bolton.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Phares, Heather. «Jimmy Haslip». Allmusic. Henta 4. juni 2018. 
  2. Almador, Valery (2012-07-06). «Renegade Creation Launches Second CD BULLET with Bassist Jimmy Haslip». bassmusicianmagazine.com. Henta 4. juni 2018. 
  3. «The Yellowjackets». orlandosentinel.com. 1985-06-02. Henta 4. juni 2018. 
  4. Yanow, Scott. «Arc». Allmusic. Henta 4. juni 2018. 
  5. Red Heat, Jimmy Haslip and Joe Vannelli. Unitone Recordings, 2000
  6. Edelstein, Paula. «Red Heat». Allmusic. Henta 4. juni 2018. 
  7. Bolton, Michael (2013). The Soul of It All: My Music, My Life. Hachette Book Group USA. ISBN 1455523666. Henta 4. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jimmy Haslip