Jingmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plasseringa av Jingmen (gul) i Hubei

Jingmen (kinesisk: 荆门; pinyin: Jīngmén) er eit byprefektur sentralt i provinsen Hubei i det sentrale Kina. Byprefekturet har eit areal på 12 404 km² og knapt 2,9 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Jingmen omfattar to bydistrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og to fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Landbruk og industri er dei to hovudnæringane i Jingmen. Avlingane av ris, bomull og raps er dei viktigaste i landbruket. Oljeindustrien er den viktigaste greina av industrien, der oljeselskapet Sinopec raffinerer råolje frå oljefelta Nanyang i Henan-provinsen og Jianghan her i Hubei.

Utsyn over byen Jingmen

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 207 går gjennom prefekturet. Denne viktige trafikkåra tek til i Xilinhot i Indre Mongolia nær grensa mot Mongolia, leikar derifrå sørover og endar i Hai'an, ein by som ligg i Xuwen fylke sør på Leizhouhalvøya i provinsen Guangdong.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]