Raps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raps


Brassica napus 002.JPG

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Spermatophyta
Underrekkje: Angiospermae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Brassicales
Familie: Brassicaceae
Slekt: Brassica
Art: B. napus
Vitskapleg namn
Brassica napus

Raps er ei kulturplante med karakteristiske gule blomar; ho er i same planteslekt som kål og er av same art som kålrot. Raps vert dyrka av bønder i fleire delar av verda og brukt til fôr, mat og framfor alt som til produksjon av planteolje. Ved innhausting av frø vert planten treska med ein skurtreskar, på same måten som korn vert hausta. Rapsfrøa er små og nesten heilt svarte. Vassinnhaldet ved hausting må vere under 8 %, medan oljeinnhaldet er opp mot 50 %.

Botanisk teikning av raps.

Namn[endre | endre wikiteksten]

«Raps» er ei tysk forkorting for lågtysk rapsad som er avleidd frå latin semen rapicium av rapa, 'bete' og semen, 'frø' (tysk Saat).[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Raps har tjukke, glatte, blådogga blad og glatt stengel. Frøet er rikt på fett, ca. 40 %, og protein, ca. 23 %.[2]

Raps finst i to variantar, haustraps og vårraps, avhengig av årstida dei vert sådd.[2] Vårrapsen er meir hardfør og treng mindre av gjødsel, medan haustrapsen har høgare oljeinnhald. Spesielle typar av haustraps er vanlege som grøntfôr- og silovekst, og er kjende som fôrraps.[2] Vårrapsen er mest nytta i Noreg, men også haustraps vert dyrka.

Dyrking[endre | endre wikiteksten]

Rapsåker under blomstring

Raps er ein gammal kulturplante. Han oppstod truleg gjennom ei spontan kryssing av rybs og kål.[2] Plantar i kålslekta krysser seg lett med kvarandre og finst i talrike ulike variantar.[3] Den eldste omtalen av dyrking og bruk av raps verker likevel å ha vore i Asia, med indiske og kinesiske referansar frå 2000-talet f.Kr.[3] I alsarbeid med raps kan ein framstilla typen syntetisk gjennom nye kryssingar av opphavsartane.[2]

Raps vert dyrka i tempererte og litt varmare område i store delar av verda. Han er ei vanleg avling i Nord-Amerika, Europa, Kina og Sør-Asia.[3] Planten kan spreia seg og opptre som ugras i andre avlingar, som rug og potet.[3]

Raps er ei plante som treng mykje svovel (S) og også ganske mykje nitrogen (N).[treng kjelde] Grunna snøgg vekst om våren er det ikkje behov for å sprøyte rapsen mot ugras, då veksten gjer at rapsen konkurrerer ut ugraset.[treng kjelde] Rapsplanta treng 2-3 skadedyrbehandlingar: 1-2 sprøytingar mot rapsglansbille og ein runde mot jordloppe.[treng kjelde] Under blomstringa vert planta behandla mot soppsjukdomar som storknolla råtesopp.[treng kjelde] Rapsfrøa er svært små, noko som gjer at såmengda er 0,7-1,2 kg per dekar.[treng kjelde]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Rapsfrø.

Rapsolje blei opphavleg mest brukt til oljelampar. Berre fattige brukte henne som matolje, då tradisjonell rapsolje har ein særs bitter smak. I Europa blei raps opphavleg mest dyrka som dyrefôr, men ein har også vunne ut olje frå planten sidan mellomalderen. I rike område som Nederlanda blei han hovudsakleg brukt som oljeplante frå 1500-talet.[3] Då maskineri som dampmaskinar blei utvikla under den industrielle revolusjonen, fekk rapsolje ei viktig rolle som smøremiddel.[3]

På 1970-talet gav alsprogram i Canada nye variantar av raps som gav olje med lågare innhald av glukosinalat og erukasyre.[3] Olja blei mykje meir ettertrakta, og blei gjerne brukt som erstatting for animalske feitt. I dag er raps den tredje viktigaste kjelda for planteoljer, etter palme og soya.[3]

Raps er i dag den viktigaste oljeveksten i Europa.[2] Olja som vert pressa ut av dei små, svarte frøa vert kalla rapsolje, og kan brukast som matolje og brensel (biodiesel). Mjølet som vert att etter pressinga vert nytta i ulike kraftfôrblandingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Raps» i Nynorskordboka
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 «Raps» (14. februar 2009). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 22. juli 2015.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 S K Gupta; Aditya Pratap, «History, Origin, and Evolution», Advances in Botanical, doi:10.1016/S0065-2296(07)45001-7, http://www.researchgate.net/publication/234833079_History_Origin_and_Evolution 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Raps