Jinzhou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Jinzhou i Hebei.
Jinzhou
Horisonten til Jinzhou
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Liaoning
Geografi
Flatevidd
 - By

10,111 km²
Innbyggjarar
 - By (2004)

3,070,000
Koordinatar 41°07′″N 121°08′″EKoordinatar: 41°07′″N 121°08′″E
Høgd over havet 1090 m
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)
Diverse anna
Postnummer 121000
Telefon-retningsnummer 416
Heimeside: http://jz.gov.cn
Plassering
Plassering av Jinzhou

Jinzhou (kinesisk skrift 錦州, pinyin Jǐnzhōu) er eit kinesisk byprefektur i provinsen Liaoning i Nord-Kina. Byprefekturet har eit areal på 10 111 km² og hadde i kring 3,1 millionar ibuarar i 2010. Jinzhou, som ligg ved Bohaibukta av Gulehavet, er ein viktig hamneby som ligg strategisk til i den vestlege delen av provinsen.

Byprefekturet Jinzhou omfattar tre distrikt (区 ), to byfylke (市 shì), to fylke (县 xiàn) og ei særleg utviklingssone.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Jinzhou har ein variert industri, som omfattar tradisjonelle industriar som metallurgi, petrokjemi, tekstilproduksjon, farmasi og byggvarer.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Jinzhou er stoppestad på den viktige jarnbanelinja Jinghabana, som strekker seg frå Beijing til Harbin og mellom andre innom Tianjin, Tangshan, Shenyang og Changchun.

Riksveg 102 i Kina passerer gjennom området. Han tek til i Beijing og fører gjennom provinsane Hebei, Liaoning, Jilin og Heilongjiang. På strekninga til Harbin er vegen innom byane Qinhuangdao, Shenyang og Changchun.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var Jinzhou ein strategisk viktig militærby i Liaoxipassasjen. Hausten 1931 innleia Japan eit luftangrep mot byen der det frå fly vart slept bomber, noko som var så å seie nytt i krigshistoria. I januar 1932 erobra den japanske hæren byen, som hadde om lag 100 000 ibuarar, og gjennomførte omfattande herjingar, drap og plyndring.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]