Joe Cole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Joe Cole i Lille-drakt

Joseph John Cole, kjend som Joe Cole, (fødd 8. november 1981) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå London. Han var offensiv midtbanespelar for ei rad klubbar i England og utanlands, fyrst og fremst er hans aktive karriere knytt til London-laga Chelsea FC og West Ham United. Perioden 2001-10 deltok Cole i 56 av England sine landskampar.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Cole debuterte for West Ham i januar 1999. Etter at klubben rykte ned frå toppdivisjonen i 2003, sa han nei til ny kontrakt. Same sommaren vart han overført til Chelsea FC mot 6,6 millionar pund. Fram til 2010 var han med å vinne ei rad titlar med den nye rikmannsklubben frå vest i London. Tidt og ofte desse åra veksla ha mellom å vere med i fyrsteellevaren og kome på bane som innbytar.

Etter å ha vunne tre ligameisterskap, to FA-cupfinalar og ein ligacupfinale, drog han sommaren 2010 vidare til Liverpool FC. Fram til 2016 gjorde han elles teneste i franske Lille OSC, West Ham, Aston Villa og Coventry City.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Cole fekk sin landslagdebut 25 . mai 2001. Han spelte for England både i Fotball-VM 2002, 2006 og 2010. Under verdsmeisterskapen i Sør-Afrika var han innbytar då Tyskland i oktofinalen sende England heim med tap 1–4. Det vart hans siste av 56 landskampar, i berre 10 av dei var han på bana i samtlege 90 minutt. Han skåra 10 landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Ligameister: 2005, 2006 og 2010 med Chelsea FC
  • Vinnar av FA-cupen: 2007 og 2009 med Chelsea FC
  • Vinnar av ligacupen: 2005 med Chelsea FC
  • Tapande finalist i meisterligaen: 2008 med Chelsea FC

Kjelder[endre | endre wikiteksten]