Joey av Bob Dylan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Joey
Song av Bob Dylan
frå albumet Desire
Utgjeve 5. januar 1976
Innspelt 30. juli 1975, 11. august 1975[1]
Sjanger Rock
Lengd 11:05
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Bob Dylan, Jacques Levy
Produsent Don DeVito
Kritikk

«Joey» er ein song av Bob Dylan frå 1976 på albumet hans Desire. Songen vart skriven av Dylan og Jacques Levy, som samarbeidde med Dylan på dei fleste av songane på albumet. I eit intervju frå 2009 hevda Dylan at Levy hadde skrive heile teksten til denne songen.[2] Som ein annan long song på albumet, «Hurricane», er «Joey» biografisk. Songen omhandlar livet og dødsfallet til gangsteren Joey Gallo, som vart drepen ved Umberto's Clam House i Little Italy, den 7. april 1972.[3][4][5]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Joey, Joey
What made them want to come and blow you away?

Bob Dylan

Songen omhandlar Gallo på sympatisk vis, trass den valdelege livsførselen hans.[3][4] Gallo hadde vorte skulda for minst to mord og var dømd for fleire alvorlege lovbrot.[4] Men i songen vert han hylla for å vere imot våpen, vere motvillig til å ta livet av gislar og for å verne drap på familien sin. Han framstår som ein ufrivillig deltakar i lovbrota til gangstergjengen sin, og at han derfor ikkje fortente lagnaden sin.[4][5] På grunn av det sympatiske synet vart Dylan og songen kraftig kritisert.[4]

Allmusic skildrar musikken i songen som «vakker», og at det ikkje vert monotont, trass den lange lengda.[3] Songen har ein trekkspel-liknande lyd.[5] Dylan syng mange av versa med hjerteskjerande dugleik og timing.[3] Emmylou Harris syng korvokal og er særleg medverkande til å skape ein sorgfull atmosfære.[3][4]

Anna[endre | endre wikiteksten]

I ein lesarundersøking i Mojo vart «Joey» kåra til den 74. mest populære Dylan-songen gjennom tidene.[6] Dylan spelar sjeldan songen på konsertar og han har også sjeldan vorte spelt av andre artistar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bjorner Columbia Recording Studios, New York City, august 11, 1975 Bjorner's Still on the Road.
  2. «Bob Dylan Talks about His New Record with Bill Flanagan» (PDF). Henta 25. august 2010. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 «Joey». allmusic. Henta 25. august 2010. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Varesi, A. (2002). The Bob Dylan Albums. s. 131–133. ISBN 9781550711394. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Mellers, W. (1984). A Darker Shade of Pale. s. 187–188. ISBN 0-19-503622-0. 
  6. «100 Greatest Dylan Songs». Mojo. Henta 8. juli 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]