Johan Backer Lunde
Utsjånad
Johan Backer Lunde | |||
![]() | |||
Fødd | 6. juli 1874 | ||
---|---|---|---|
Død | 4. november 1958 (84 år) | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | komponist, pianist, musikkforskar | ||
Mor | Inga Lunde | ||
Far | Herman Lunde |
Johan Backer Lunde (6. juli 1874–4. november 1958) var ein norsk toneskapar og pianist.

Lunde var fødd i Le Havre i Frankrike, der faren Herman Lunde var sjømannsprest. Lunde tok pianotimar med tanta Agathe Backer Grøndahl og med Iver Holter, seinare var han òg elev av den vidkjende italienaren Ferruccio Busoni. Han turnerte som pianist i både Skandinavia, England og Tyskland.
Lunde skreiv ein symfoni i f-moll, to balladar, to fiolinsuitar, fleire orkesterverk og klaverstykke og om lag 200 romansar og songar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957