Ferruccio Busoni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ferruccio Busoni

Fødd1. april 1866
FødestadEmpoli
Død27. juli 1924 (58 år)
DødsstadBerlin
FødenamnDante Michelangelo Benvenuto Ferruccio Busoni
OpphavKongedømet Italia
Sjangeropera
Instrumentpiano
Verka somkomponist, pianist, dirigent, musikkforskar, musikkpedagog, musikkteoretikar, plateartist
MorAnna Weiss-Busoni
FarFerdinando Busoni
Gift medGerda Busoni

Dante Michelangelo Benvenuto Ferruccio Busoni (1. april 186627. juli 1924) var ein kosmopolitisk komponist, pianist og pedagog. Han var verksam i Finland, USA, Sveits, Tyskland og fleire andre land.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Bussoni var fødd i Empoli i provinsen Firenze i Italia.

Busoni var ein av dei fremste representantane for den musikalske nyklassisismen, både musikalsk og teoretisk. Han grunnla ei eiga retning som han kalla Junge Klassizität. I det teoretiske skriftet Entwurf einer neuen Ästhetik der Tonkunst tek han for seg grunndraga i denne.

Busoni skreiv både dei teoretiske skriftene sine og librettoane til operaene sine på tysk, sjølv om italiensk var morsmålet hans.

Nokre av transkripsjonane hans av verka til store meister er blitt kalla «formidable» av kritikarar.

Busoni gifta seg i september 1890 med den svenskfødde pianisten Gerda Sjøstrand, som var dotter av bilethoggaren Carl Eneas Sjöstrand.

Han døydde i 1924 i Berlin.

Verk (utval)[endre | endre wikiteksten]

Operaer[endre | endre wikiteksten]

  • Die Brautwahl (1911)
  • Turandot (1917)
  • Arlecchino (1917)
  • Doktor Faust, fullført av Philipp Jarnach (1925)

Orkesterverk[endre | endre wikiteksten]

  • Pianokonsert for piano, orkester og mannskor (1904)
  • Turandot, suite for orkester (1904)

Pianoverk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]