Johan F. Holst
Johan F. Holst | |
Fødd | 3. juni 1802 Trondheim |
Død |
29. juli 1885 (83 år) |
Yrke | prest, politikar |
Johan Frederik Holst (3. juni 1802–29. juli 1885) var ein norskprest og stortingsmann frå Trondheim.
Holsts far underviste ved katedralskulen i Trondheim. Sjølv vart han student frå skulen i 1821 og cand. theol. i 1827. Han var sokneprest i Vadsø 1828-38 og prest ved slaveriet på Akershus festning og Tugt- og Manufacturhuset i Christiania 1839-43. Frå 1843 til 1859 var han sokneprest i Finnås, sist sokneprest i Eidsberg 1859-76.
Holst var 2. representant frå Finmarkens amt 1836 og på omframstortinget 1836-37. Han var i 1836 formann i kyrkjekomiteen.
Han døydde i Kristiania i 1885.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914