Johan Garmann
Utsjånad
Johan Garmann | |||
Fødd | 11. juli 1780 Talvik | ||
---|---|---|---|
Død | 4. februar 1815 (34 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | prest, politikar | ||
Alle verv |
|
Johan Garmann (11. juli 1780–4. februar 1815) var ein norsk prest og stortingsmann.
Garmann var fødd i Talvik, der far hans var prest. Sjølv vart han student frå Trondhjems skole i 1797, cand. theol. i 1801. Han var så lærar ved realskulen i Trondheim, og sidan ved katedralskulen. Frå 1806 var han residerande kapellan i Orkdal, der han mellom anna lærde opp ungdomar slik at dei kunne vere skulehaldarar.
I 1814 var Garmann 4. representant for Søndre Trondhjems amt på det overordentlege storting i 1814. Same året vart han utnemnd til sokneprest i Byneset, eit embete han ikkje tok over. Døydde allereie vinteren 1815.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Biografisk informasjon om Johan Garmann NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv