Johan II av Frankrike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan II av Frankrike
14th-century unknown painters - Portrait of Jean le Bon, King of France - WGA23666.jpg
Konge av Frankrike
franskJean II, Jean le Bon
Fødd16. april 1319 (juliansk)
FødestadLe Mans
Død8. april 1364 (juliansk)
DødsstadLondon
GravstadKlosterkyrkja Saint-Denis
FøregangarFilip VI av Frankrike
EtterfølgjarKarl V av Frankrike
Gift medBonne av Luxemburg, Jeanne Ire d'Auvergne
DynastiHuset Valois
FarFilip VI av Frankrike
MorJohanna av Burgund
BornKarl V av Frankrike, Louis I, Johan I av Berry, Philip the Bold, Joan of Valois, Queen of Navarre, Marie of Valois, Duchess of Bar, Isabella, Countess of Vertus

Johan II (fødd 16. april 1319 i Orléans, daud 8. april 1364 i London), med tilnamnet den gode, var konge av Frankrike frå 1350 til 1364. Han var son av Filip VI og Johanna av Burgund.

Han gifta seg i 1332 med Bonne av Luxemburg (1316-1349), ho døydde av pest. Ho var syster til keisar Karl IV av det tysk-romerske riket.

Barn[endre | endre wikiteksten]

  1. Karl V av Frankrike
  2. Marie av Frankrike, gift med ein hertug av Bar.
  3. Ludvig, hertug av Anjou, fødd 1339, greve av Provence 13811384 og titulærkonge av Jerusalem, gift med Marie av Bretagne.
  4. Johan av Berry
  5. Filip II av Burgund, (?-1404) gift med Margareta av Flandern.
  6. Jeanne, gift med Karl II av Navarra.
  7. Isabella av Frankrike, (?-1371), gift med Gian Galeazzo av Milano.

Johan vart gift i 1350 med Johanna I av Auvergne, (1326-1361). Ho døydde òg av pest.

I løpet av Johan II si tid som regent vart Frankrike invadert av England, seinare er dette rekna som ein del av hundreårskrigen. I 1356 vart Johan teken til fange i Poitiers. I 1360 gav Frankrike frå seg landområde og betalte løysepengar for få kongen frigjeven. I løpet av innsamlinga av løysepengar vart Johan II sett fri mot eit gissel. Då gisselet rymde vende han friviljug attende til fangenskapet. Han døydde i London.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Johan II av Frankrike