Johan Petter Barlindhaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Petter Barlindhaug
Fødd 30. juni 1940

Johan Petter Barlindhaug (fødd 30. juni 1940) er ein norsk forretningsmann.

Johan Petter Barlindhaug er fødd og oppvakse i Tromsø. Han er gründer av Barlindhaug-konsernet som er Nord-Noregs største rådgjevings- og utbyggingsselskap. Han er òg sentral i etablering og drift av Perpetuum som er leverandør av avfallstenester i nordområda. Barlindhaug er dessutan sentral i etableringa av det første nordnorsk-eigde oljeselskapet North Energy med hovudbase i Alta. Barlindhaug er ein samfunnsutviklar med eit stort nettverk, lokalt, nasjonalt og internasjonalt, både innan næringsliv og politikk.[treng kjelde] Han er ein sentral aktør i dei politiske diskusjonane om utvikling av nord-områda.

Det kongelege hoffet kunngjorde 20. november 2009 at kongen har utnemnt Barlindhaug til kommandør av St. Olavs Orden «for samfunnsnyttig virke.» Det vart samstundes sagt at det ved beslutning om tildeling er «lagt vesentlig vekt på Barlindhaugs sentrale betydning for samfunns- og næringsutviklingen i Nord-Norge.»[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Utnevnelse til St. Olavs Orden», kongehuset.no, vitja 20. november 2009.