Johan Wiik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Wiik
Fødd 8. mars 1885

Otterøya

Død 3. oktober 1970
Namsos
Parti Arbeidarpartiet

Johan Taraldsson Wiik (8. mars 18853. oktober 1970) var ein norsk arbeidar og politikar frå Fosnes i Nord-Trøndelag. Han var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå 1928 til 1957.

Wiik var son til ein plassmann og tømmermann på Otterøya. I ungdomen gjekk han både framhaldsskule og vinterkurs ved Namdal folkehøgskole. Han arbeidde i ulike yrke, både i fiskeri, i sjøfart langs kysten og med losse- og lastearbeid på hamna i Namsos. Eitt år var han maskinagent og i 1918-19 forretningsførar i 'Namdalens Socialdemokrat' i Namsos. Krigsåra 1940-45 dreiv han gard i Kattmarka i Vemundvik herad.

I 1912 var Wiik sentral då Namsos kaiarbeiderforening vart stifta. Han var medlem av Namsos bystyre 1923-28 og 1932-40, varaordførar i 1926 og ordførar i 1927. Hausten 1927 vart han vald til stortingsmann for Arbeidarpartiet. Gjennom seks attval representerte Wiik Nord-Trøndelag og Arbeidarpartiet på Stortinget i 30 år. Han var medlem i Veg- og jarnbankeomiteen til mars 1948 og i Finanskomiteen ut 1949. Frå 1950 hadde han sete i Utanriks- og konstistusjonskomiteen. Han var visepresident i Odelstinget 1948-49 og i Stortinget 1950-57.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]