Johannes Jørgensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johannes Jørgensen
Johannes Jørgensen.jpg
Fødd 6. november 1866
Svendborg
Død

29. mai 1956
Svendborg

Yrke lyrikar, skribent, biograf
Johannes Jørgensen på Commons

Johannes Jørgensen (6. november 186629. mai 1956) var ein dansk forfattar frå Svendborg. Som 16-åring reiste han til København for å verte student, og det vart han i 1884. Eit medfødt melankolsk gemytt og det at han tidleg hadde sans for mangfaldet i naturen og venleik prega livet hans. I København utvikla han radikale sosialpolitiske synspunkt som førte han inn i krinsen av kulturradikale kunstnarar, der han markerte seg.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Mellom verka hans finn ein:

  • En Fremmed - roman, 1890
  • Stemninger - dikt, 1892
  • Sommer - roman, 1892
  • Bekendelse - dikt, 1894
  • Hjemve - roman, 1894
  • Pilgrimsbogen - reiseskildring, 1903
  • Den hellige Frans af Assisi - biografi, 1907

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Johannes Jørgensen