Johannes Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes Olsen

Fødd3. oktober 1895
Måsøy kommune
Død16. januar 1974 (78 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
BarnTrygve Olsen
Alle verv

Johannes Olai Olsen (3. oktober 189516. januar 1974), til dagleg Johs. Olsen, var ein norsk fiskar og politikar frå Måsøy som representerte ArbeidarpartietStortinget i tida 1945-65 og var formann i Norges Fiskarlag 1951-55.

Far til Johs. Olsen var fiskar, gardbrukar og handelsmann Ole Johannessen i Ryggefjord i Måsøy herad. Olsen dreiv sjølv fiske frå 1908 til 1945. Han var aktiv i utviklinga av utstyr, fiskebruk og produkt og vart i 1929 tildelt diplom og medalje av Selskabet for de norske Fiskeriers Fremme. Olsen stod i fremste rekke i organisasjonsarbeidet og var nestformann 1934-40 i Finnmark Fiskarlag, styreformann 1938-51 i Norges Råfisklag og formann 1951-55 i Norges Fiskarlag.

Olsen var ordførar i Måsøy heradskommune frå 1928 til 1940. Under andre verdskrigen var han i 1941 eitt av 100 gislar den tyske okkupasjonsmakta tok i Troms og Finnmark, og han sat fange på Grini i omkring fire månader. Etter verdskrigen var han atter ordførar 1945-46.

I 1945 vart Olsen vald inn på Stortinget frå Finnmark. Med attval dei fire neste stortingsvala vart han verande stortingsrepresentant til hausten 1965. På Tinget var han heile tida medlem av Sjøfarts- og fiskerikomitéen, formann i komitéen frå nyår 1958 til 1965.

Han var far til Trygve Olsen, fiskeriminister i Korvald-regjeringa, og Birger Olsen, nestformann i Norges Fiskarlag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]