Johannes Regiomontanus
Utsjånad
| Johannes Regiomontanus | |||
| Regiomontanus | |||
| Fødd | Johann Müller Königsberg 6. juni 1436 Unfinden, Det tysk-romerske riket, no ein del av Königsberg i Tyskland | ||
|---|---|---|---|
| Død | 6. juli 1476 (40 år) Roma | ||
| Nasjonalitet | Tyske | ||
| Område | Matematikk, astronomi, astrologi | ||
| Yrke | astronom, matematikar, matematikkhistorikar, astrolog, katolsk biskop, trykker | ||
| Institusjonar | Universitetet i Wien | ||
| Alma mater | Universitetet i Leipzig Universitetet i Wien | ||
| Doktorgradsrettleiar | Georg von Peuerbach Johannes Bessarion | ||
| Kjende studentar | Domenico Novara da Ferrara | ||
Johannes Müller von Königsberg (6. juni 1436–6. juli 1476), i dag mest kjend som Johannes Regiomontanus er ein tysk astronom og matematikar frå Königsberg. Han heitte Müller, men tok namnet Regiomontanus, ei latinisering av Königsberg. Han oppretta eit observatorium i Nürnberg i 1471 med utmerkte instrument, mekanisk verkstad og boktrykkeri. Han gav ut fleire viktige trigonometriske arbeid og utførte nøyaktige astronomiske observasjonar og utrekningar. I 1472 vart han av pave Sixtus IV kalla til Italia for å hjelpe til i arbeidet med ein kalenderreform.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Johannes Regiomontanus», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014