Lars Korvald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Korvald
Lars Korvald (4Fo30141709010050).jpg
Fødd29. april 1916
Mjøndalen
Død4. juli 2006
Mjøndalen
NasjonalitetNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar, embetsmann, rektor, lærar, agronom, forkynnar
Utdanna vedNoregs miljø- og biovitskaplege universitet
EktefelleRuth Aarny Korvald
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling
VervStatsminister i Noreg 1972-1973
FøregangarTrygve Bratteli
EtterfylgjarTrygve Bratteli

Lars Korvald (29. april 19164. juli 2006) var ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti. Han var statsminister frå 18. oktober 1972 til 16. oktober 1973. Han var òg formann i Kristeleg Folkeparti, stortingsrepresentant frå 1961 til 1981 og Lagtingspresident.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Korvald var fødd i Nedre Eiker kommune i Buskerud fylke. Han studerte på jordbrukslinja ved Noregs landbrukshøgskule i 1940-1943.[1]

Han var landbrukslærar ved Tomb jordbruksskole 1943-1948, og blei seinare rektor her frå 1952 til 1977. Mellom 1948 og 1952 var Korvald sjefskonsulent i Landslaget Norske Jordbruksklubber (seianre Norske 4-H).[1]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Lars Korvald si regjering etterfylgde Trygve Bratteli si fyrste regjering i 1972. Trygve Bratteli hadde sagt at regjeringa frå Arbeidarpartiet ville gå av om det vart nei- fleirtal i folkerøystinga om EF-medlemsskap. Då det vart nei-fleirtal og Bratteli si regjering gjekk av, danna Korvald ei regjering med stønad frå partia Venstre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet. Ei viktig oppgåve for regjeringa var å forhandla fram ei norsk handelsavtale med EF. Mindretalsregjeringa til Korvald gjekk av i 1973, og Trygve Bratteli si andre regjering tok over.

Lars Korvald var fylkesmann i Østfold frå 1981 til 1986.[1]

Det var Lars Korvald som i 1972 tok den då 25 år gamle Kjell Magne Bondevik inn i rikspolitikken ved å gjera han til statssekretær ved statsministeren sitt kontor.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Korvald, Lars (1916-2006) ved stortinget.no.