John Fredriksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Fredriksen
Stelios meeting1989.jpg
Fødd 10. mai 1944
Oslo, Eidsvoll
Yrke forretningsdrivande, entreprenør, forretningsmagnat

John Fredriksen (fødd 11. mai 1944) er ein norsk-kypriotisk skipsreiar og rikmann.

Tidsskriftet Kapital vurderte at John Fredriksen i 2012 var god for 69,7 milliardar kroner,[1] noko som gjorde han til den rikakste nolevande personen fødd i Noreg og den rikaste personen på Kypros.

Fredriksen er oppvaksen på austkanten i Oslo. Han har tent mesteparten av si enorme formue som skipsreiar. Fredriksen kontrollerer i dag verdas største VLCC-flåte (Oljetankskip), gjennom tankreiarlaget Frontline Ltd og verdas største flåte av LNG-skip gjennom Golar LNG Ltd. Fredriksen er kjend for å vere veldig risikovilleg, og har vore nær konkurs ved fleire høver. Fredriksen har den siste trappa ned tankreiarverksemda og investert store delar av formua i andre selskap. Han er i dag storeigar i oppdrettsselskapa Pan Fish og Fjord Seafood. Fredriksen har også satsa stort på Riggmarknaden gjennom SeaDrill Ltd. I tillegg er han storaksjonær i tørrbulkreiarlaget Golden Ocean Group. Fredriksen har også investert ein del midlar i fotballklubben Vålerenga.

Fredriksen er i dag busett på Kypros, og driv verksemdene sine frå London, der han eig ein av byens mest verdifulle eigedommar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kapitals 400 rikeste», årleg liste frå tidsskriftet Kapital over dei 400 rikaste personane i Noreg eller med norsk tilknyting.