John Halvorsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Halvorsen
Fødd 17. august 1966 (54 år)
Yrke friidrettsutøvar

John Halvorsen (fødd 17. august 1966) er ein norsk tidlegare langdistanseløpar som voks opp på Sætre i Hurum og seinare i Canada. Han vart norsk meister sju gongar på bane, fem gongar på 10 000 m og to på 5 000 m i tida 1986-93. Halvorsen var medlem av IF Graabein i 1984, seinare representerte han Minerva.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Halvorsen vart lagd merke til fyrste gongen då han i 1984 vann NM i terrengløp for juniorar. To år seinare, i sin siste juniorsesong, imponerte han med 28.27,3 då han vann 10 000 meter i noregsmeisterskapen, 17 sekundar før andremann. I 1987 forsvarte han NM-tittelen på 10 000 meter, og han sette nye personlege rekordar på 1500 m og 5 000 m med høvesvis 3.45,4 og 13.52,0.

År 1988 slo Halvorsen seg inn i den europeiske eliten på 10 000 m med tida 27.47,4. I noregsmeisterskapen kom han på andreplass då han sette personleg rekord på 5 000 m med 13.34,6, to sekundar bak Are Nakkim. Under dei olympiske leikane i Seoul kvalifiserte Haøvorsen seg til finalen på 10 000 m, men enda på 16. plass etter å ha sprunge saktare i finaleløpet enn han gjorde i kvalifiseringa.

Halvorsen kom på 10. plass då VM i terrengløp fann stad i Stavanger våren 1989. Den 14. juli same året gjorde han sitt livs snøggaste 5 000-meterløp då han vart nummer to i eit stemne på Crystal Palace i London, tida 13.20,4 var 0,6 sekund bakom den 13 dagar gamle noregsrekorden til Are Nakkim. Året etter var han nær den elleve år gamle noregsrekorden til Knut Kvalheim på 10 000 m, då han gjorde unna sitt livs beste milløp. Sluttida 27.43,3 var vel to sekundar bak den norske rekorden.

Sesongane 1991 og 1992 gjorde Halvorsen sterke enkeltløp på 5 000 m såvel som 10 000 m. Men både i Tokyo-VM 1991 og Barcelona-OL året etter svikta han når det gjaldt som mest. I Barcelona kvalifiserte han seg til 10 000-meterfinalen med 28.21,5, for så å sprekke og verte sist av dei som fullførte finalen. Etter OL trappa han ned treningsmengda og presterte på eit noko lågare nivå dei siste tre åra han var aktiv. Han la opp i 1995.

Halvorsen vann også fleire kanadiske meisterskap i terrengløp.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1986: Gullmedalje på 10 000 m – 28.27,3, framom Oddmund Roalkvam (28.44,6)
  • 1987: Gullmedalje på 10 000 m – 28.51,0, framom Are Nakkim (29.09,1)
  • 1988: Sølvmedalje på 5 000 m – 13.34,6, bakom Are Nakkim (13.32,6)
  • 1989: Sølvmedalje på 1500 m – 3.44,2, bak Lars Ove Strømø (3.43,7)
  • 1991: Gullmedalje på 10 000 m – 29.09.9, framom Bjørn Nordheggen (29.18,7)
  • 1992: Gullmedaljar på 5 000 m – 13.39,0, og på 10 000 m – 28.28,0
  • 1993: Gullmedaljar på 5 000 m – 13.52,4, og på 10 000 m – 29.10,9

Deltaking i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1988 i Seoul: Nr 16 på 10 000 m – 28.39,3
  • VM i terrengløp 1989 i Stavanger: Nr 10 på 10 km
  • EM 1990 i Split: Nr 12 på 10 000 m – 28.17,4. Utslått på 5 000 m (nr 16- 13.35,5)
  • VM 1991 i Tokyo: Utslått på 5 000 m (nr 31- 14.14,8), braut 10 000 m
  • OL 1992 i Barcelona: Nr 19 på 10 000 m – 29.53,9

Kjelder[endre | endre wikiteksten]