John Hume

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Hume
John Hume 2008.jpg
Fødd18. januar 1937
Derry
Død3. august 2020 (83 år)
Statsborgar avIrland
PartiSocial Democratic and Labour Party (SDLP)
Yrkepolitikar
Utdanna vedSt Columb's College
Barn5
Medlem1st Northern Ireland Assembly (1973–1974)
VervLeiar av Social Democratic and Labour Party 6. mai 1979-6. november 2001
FøregangarGerry Fitt
EtterfylgjarMark Durkan
VervMedlemm av Legislative Assembly
for Foyle 25. juni 1998-1. desember 2000
FøregangarNyoppretta
EtterfylgjarAnnie Courtney
VervMedlem av Det britiske parlamentetet
for Foyle 9. juni 1983-11. april 2005[1]
FøregangarNyoppretting
EtterfylgjarMark Durkan
VervMedlem av Europaparlamentet 10. juni 1979-13. juni 2004
FøregangarNyoppretting
EtterfylgjarBairbre de Brún
VervMedlem av Det nordirske parlamentet for Foyle 24. februar 1969-30. mars 1972
FøregangarEddie McAteer
EtterfylgjarParlamentet avskaffa

John Hume (18. januar 19373. august 2020 var ein nordirsk politikar og nobelprisvinnar, fødd og død i Derry.

Hume var ein sentral politikar i Nord-Irland som formann i Social Democratic and Labour Party frå 1979 til 2001. I 1990-åra spelte han ei viktig rolle i arbeidet som i 1998 førte fram til Langfredagsavtalen. For sin innsats vart han tildelt Nobels fredspris 1998 saman med David Trimble, leiaren i Ulster Unionist Party.

Hume var medlem av det nordirske parlamentet frå 1969 til det vart nedlagt våren 1972. Gjennom heile 25 år, 1979-2004, representerte han Nord-Irland i Europaparlamentet. Ved det britiske parlamentsvalet i juni 1983 vart han vald til å representere den nye valkrinsen Foyle i Westminster. Gjennom stadige attval kom han til å ha plass i parlamentet til han i 2005 let vere å stille til val.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Parliamentary career for Mr John Hume - MPs and Lords - UK Parliament». members.parliament.uk. Henta 3. august 2020.