Ulster Unionist Party

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ulster Unionist Party
IdeologiBritisk unionisme[1]
Konservatisme[1]
Liberalisme[2]
Progressivisme[2]
«Soft» euroskeptisisme[1]
PartileiarMike Nesbitt MLA
UngdomsorganisasjonYoung Unionists
Europeisk tilknytingAlliance of European Conservatives and Reformists
Nettstadhttp://www.uup.org/

Ulster Unionist Party (UUP) er det minste av dei to store unionistiske partia i Nord-Irland. Partiet vert nokre gonger kalla Official Unionist Party (OUP). Fram til 2003 var UUP det største unionistiske partiet i Nord-Irland, men ved valet i Nord-Irland i 2003 fekk Democratic Unionist Party fleire røyster og mandat.

UUP vart skipa den 3. mars 1905 i Ulster Hall i Belfast, under namnet Irish Unionist Party. Partiet sitt fremste føremål var å motverka innføringa av home rule, heimestyre for Irland. Partiet hadde frå byrjinga og heilt fram til 2005 formelle band med Oransjeordenen. I og med delinga av Irland på byringa 1920-talet vart òg den irske unionismen delt og eit eige Ulster-parti vart oppretta. Partiet vart det største i Nord-Irland og var i åra 1921-1972 regjeringsparti i den sjølvstyrande regeringa i Nord-Irland.

Partileiar frå 1995-2005 var David Trimble, som gjekk av etter det som for partiet var eit katastrofalt parlamentsval til parlamentet i Storbritannia. Fem av UUP sine seks representantar vann ikkje att setet sitt i parlamentet. Mellom desse var Trimble sjølv. Den 24. juni 2005 vart sir Reg Empey vald til ny partileiar.

Partileiarar[endre | endre wikiteksten]

Bilete Namn Partileiarperiode Merknader
Photograph of Colonel Edward James Saunderson MP 2.png Oberst Edward Saunderson 1905 1906 Ogso leiar av Irish Unionist Parliamentary Party
Walter Hume Long, 1st Viscount Long portrait.jpg Walter Hume Long 1906 1910 Ogso leiar av Irish Unionist Parliamentary Party
Sir Edward Carson, bw photo portrait seated.jpg Sir Edward Carson 1910 1921 Ogso leiar av Irish Unionist Parliamentary Party
80px The Viscount Craigavon 1921 1940 Fyrste Statsminister i Nord-Irland
John Miller Andrews.jpg John Miller Andrews 1940 1943 Andre Statsminister i Nord-Irland
The Viscount Brookeborough 1943 1963 Tredje Statsminister i Nord-Irland
Captain Terence O'Neill 1963 1969 Fjerde Statsminister i Nord-Irland
James Chichester-Clark 1970.jpg James Chichester-Clark 1969 1971 Femte Statsminister i Nord-Irland
Brian Faulkner 1971 1974 Sjette og siste Statsminister i Nord-Irland
Harry West 1974 1979
James Molyneaux 1979 1995
David Trimble.jpg David Trimble 1995 2005 Fyrsteminister i Nord-Irland
Official portrait of Lord Empey crop 2.jpg Sir Reg Empey 2005 2010
Tom Elliott.png Tom Elliott 2010 2012
Mike nesbitt.JPG Mike Nesbitt 2012 2017
80px Robin Swann 2017 Present

Valresultat[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «NORTHERN IRELAND / UK». Parties and Elections in Europe. 
  2. 2,0 2,1 «Nesbitt says NI needs liberal progressive politicians». Belfast Newsletter. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]