John Martin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Henry Warren: John Martin, 1839
Belsassars feiring, 1820
Kvelden før syndfloda, 1840
Himmelens sletter, ca 1851

John Martin (19. juli 178917. februar 1854) var ein britisk målar og grafikar fødd i Haydon Bridge ved Hexham i Northumberland.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Martin begynte læretida si i Newcastle, der han studerte og kopierte verk av målarar som Claude Lorrain og Salvator Rosa. I 1806 flytta han til London, der han gifta seg og underviste i teikning. Ved sidan av fordjupa han seg med studiar av arkitektur og perspektiv, og måla akvarellar og laga porselen og glas.

Frå 1812 og dei komande åra vekte Martin merksemd hos publikum med store måleri som skildra bibelske eller mytiske og imaginære landskap med dramatiske naturfenomen, inspirert av dei mest turbulente landskapsmåleria til William Turner. Gjennom salet av desse verka fekk Martin ein viss grad av økonomisk tryggleik. Særleg åtgaum fekk verket Belsassars feiring frå 1820. Men meir enn for sine måleri, vart Martin kjend for sine raderingar.

I 1823 fekk han i oppdrag å illustrere John Milton sitt verk Det tapte paradis (Paradise Lost). Seinare, mellom 1831 og 1835, fekk Martin publisert fleire illustrasjonar til Det gamle testamentet. Gjennom disse grafiske trykka nådde ryet hans utom Englands grenser, ganske særleg i Frankrike.

Frå slutten av 1820-åra vende Martin interessa mot arkitektur og byplanlegging. Han fekk ansvar for å prosjektere forbetringar i det mest tettbygde London, særleg merksemd retta han mot portsystem, vatn og kloakk. Planane minte i stor grad om dei som Joseph Bazalgette langt seinare la fram og fekk verkeleggjort.

Martin var aktiv nesten heilt fram til han døydde i 1854 på Isle of Man.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: John Martin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]