John Milton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Milton

Statsborgarskap Kongeriket England
Fødd 9. desember 1608
Cheapside
Død

8. november 1674 (65 år)
London, St Luke's

Yrke lyrikar, skribent, politikar
Språk engelsk
Religion Den anglikanske kirke
Far John Milton
Mor Sara Jeffrey
Ektefelle Mary Powell, Elizabeth Minshull, Katherine Woodcock
Born Anne Milton, Deborah Milton, Mary Milton, John Milton, Katherine Milton
Signatur
John Milton på Commons

John Milton (9. desember 16088. november 1674) var ein engelsk diktar og politisk filosof. Som ein av dei første opplysingsfilosofane fekk han stor påverknad, men det stod òg mykje strid kring han. I ein av biografiane frå samtida vart han omtala som «elska av mange, hata av nokre». Han har hatt stor påverknad på engelsk litteratur heilt fram til vår tid. Det episke diktet Paradise Lost («Det tapte paradiset») kjem frå Milton sin penn.

Milton sitt verdssyn utvikla seg på bakgrunn av svært omfattande lesnad, reiser og personlege erfaringar heilt frå studiedagane på 1620-talet til den engelske revolusjonen.[1] Milton døydde fattig og som ein marginal figur i Englands intellektuelle liv, men stod til siste slutt fast på dei politiske vala han gjorde, og var vidkjend over heile Europa.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Barndom[endre | endre wikiteksten]

Minneplate i Bread Street, London, der Milton vart fødd

John Milton var fødd i London som son av komponisten John Milton og kona Sarah Jeffrey. Milton-familien åtte godset Milton ved Thame i Oxfordshire, men då faren konverterte til protestantismen, gjorde den strengt katolske bestefaren han arvelaus. Dermed måtte faren arbeide for føda, og tente godt som skrivar i London.[2] Han var òg ein dyktig komponist, og sonen elska musikk og dyrka venskap med musikarar, som Henry Lawes, heile livet.[3] Milton beskreiv barndomen sin slik: «allereie medan eg var ein liten gut bestemde far min at eg skulle studere litteratur, og så stor var lærdomstyrsten min at eg etter tolv års alderen knappast avbraut studiane eller gjekk til sengs før midnatt.»

Skoletid og studium[endre | endre wikiteksten]

Si første utdanning fekk Milton i den strenge puritanske foreldreheimen, deretter i skolen ved St. Pauls-katedralen, og frå 1624 ved Christ's College i University of Cambridge. Under studietida las han historie og klassisk litteratur, og skreiv ein del kortare dikt både på latin og engelsk. Nokre velkjende døme på engelske dikt frå denne tida er On the Morning of Christ's Nativity og Epitaph on the admirable Dramatick Poet, W. Shakespeare. No kom også dei vidkjente dikta L'Allegro («Den muntre») og Il Penseroso («Den tankefulle»), som var dei første han fekk prenta, noko som skjedde nokre år seinare i Juvenile poems (1645); ei samling der Milton sitt kjensleunivers kjem godt fram. I diktet Allegro hyllar han jordas venleik, dei trolske engelske skogane, gleda over ei god jakt og landlege festar. Desse ytlege gledene stiller han i Penseroso opp mot den høgare gleda til den ettertenksame grublarnaturen som kan forsvinne inn i si eiga forskarverd og nære sjela si med åndsverka frå antikken, og som resultat av strevet når fram til profetisk visdom.

Undervisningmetodane ved skolar og universitet lika Milton dårleg; han meinte dei var retta inn på rein mekanisk drill. Då far hans gjorde framlegg om eit teologistudium, avviste sonen dette med grunngjevinga at han aldri ville underlegge seg den slavetenesta det innebar å skrive under på biskopkyrkja sine vilkår.

Ungdomsverk[endre | endre wikiteksten]

Milton tok Bachelorgrad i 1628, og etter at han vart Master of Arts i 1632, reiste han tilbake til faren som budde i Hammersmith. Der, og i faren sin landstad i Horton, Buckinghamshire, heldt han fram studiane på eiga hand i seks år. Framfor alt studerte han William Shakespeare, Ben Johnson og andre diktarar frå deira tid, men òg teologiske verk, filosofi, historie, politikk og vitskap; alt for å førebu seg på ein mogleg karriere som poet. Eit resultat er at Milton vert rekna som ein av dei mest lærde av dei engelske diktarane. Han beherska latin, gresk, hebraisk, fransk, spansk, italiensk, gammalengelsk, og truleg hadde han god kjennskap til nederlandsk òg.[4]

Jamvel på denne tida skreiv Milton poesi, til dømes to bestillingsverk, maskespela Arcades og Comus. Sistnemnde, som vart framført første gong mikkelsmess 1634, er ein allegori som var mykje omtykt ved det engelske hoffet frå Jakob I si tid. Temaet er freistingane den moralsk forderva Comus med list og vald utsett ei ung jente for. Ved å bruke fornuft maktar jenta å halde seg på den dygdefulle veg og viser med det at menneska har ei fri vilje. På om lag same tid kom Lycidas, ein elegi over ein avdød venn.

Reiser[endre | endre wikiteksten]

Milton var allereie namngjeten då han i 1638 sette ut på ei reise til kontinentet som vara fram til juli eller august 1639.[5] I Paris vart han kjend med Hugo Grotius. Deretter oppheldt han seg lengre tid i Firenze og Roma der han arbeidde med italienske epos. I Geneve var han hos sin beste ven, Charles Diodati.

Da den engelske borgarkrigen braut ut, vendte han tilbake til London. Der var han aktiv som lærar og tok i bruk andre pedagogiske metodar enn dei han sjølv hadde vorte utsett for.

Politiske avhandlingar[endre | endre wikiteksten]

Milton sitt arbeid i den politiske og kyrkjekritiske rørsla starta med fem journalistiske avhandlingar (Prelatical episcopacy, Reason of church etc., 1641 og 1642). I desse argumenterte han mot tendensar til styrking av biskopmakta med det for auga å dra den anglikanske kyrkja nærare pavekyrkja. Han meinte rikdomen og makta åt den katolske kyrkja var grunna på eit forfalska edikt, den konstantinske donasjonen, som han med Dante sine ord omtala som «Pandoras sanne eske». Katolisismen beskreiv han i desse skriftene som eit politisk parti som under dekke av å vera ei kyrkje, arbeidde for å fremje eit tyrannisk prestestyre.

Ekteskap[endre | endre wikiteksten]

I juni 1643, 35 gammal gifta John Milton seg med Mary Powell, ei 16 år gammal jente av landadelen i Oxfordshire. Ho hadde trong til luksus og treivst ikkje med den puritanske levemåten til Milton, så etter berre ein månads samliv reiste ho heim til foreldra. Den engelske diktaren Robert Graves skreiv ein roman om dette ekteskapet, The Story of Marie Powell: Wife to Mr. Milton (1943). Mellom 1643 og 1645 forfatta Milton fire skrifter der han stilte spørsmål ved kor legalt og moralsk skilsmål var; han hevda at avgjerda ikkje høyrde til i rettsapparatet, men var ei sak for mannen sitt samvet. På denne tida var han engasjert i utdanninga av nokre barn av sine vener, og skreiv ei bok om oppdraging der han gjorde seg til talsmann for ei fri og klassisk oppseding av ungdomen.

Areopagitica[endre | endre wikiteksten]

Omslagsida til 1644-utgåva av Areopagitica

Etter at presbyterianarane hadde fått overtaket i det lange parlamentet viste dei seg å legge for dagen den same intoleransen som dei styrta biskopane, og i 1643 avgjorde dei at den som skulle publisere noko på trykt form måtte søke om lisens for kvart einaste skrift. Då gav Milton ut den polemiske traktaten Areopagitica: A speech of Mr. John Milton for the liberty of unlicensed printing to the Parliament of England (1644), eit av dei klaraste forsvar for pressefridom som nokon gong er skrive.

Dei fire åra som følgde (1645 til 1649) arbeidde Milton på Englands angelsaksiske historie. Det republikanske partiet var no i maktposisjon, og Milton som hadde brukt penna si til forsvar for republikanske prinsipp, vart i 1649 utpeika til Secretary for Foreign Tongues med ansvar for framandspråklege skrifter.

Debatten kring avrettinga av Karl I.[endre | endre wikiteksten]

Denne viktige og innflytelsesrike stillinga hadde han så lenge republikken eksisterte. Allereie i februar 1649, to veker etter avrettinga av Karl I, publiserte han The tenure of kings and magistrates, der han på naturrettsleg grunnlag forsvara folket si rett til å eksekvere ein skuldig konge, enten han var ein tyrann eller ikkje

Som mottrekk forfatta biskopen av Exeter skriftet Eikon basilike («Portrett av kongen») og gav det ut for å vere eit anonymt, posthumt utgjeve skrift av kongen. Boka vart så populær over heile landet at ho på kort tid gjekk i 47 opplag. Milton fekk i oppdrag å forfatte eit svar, og følgde i oktober 1649 opp med Eikonoklastes («Biletstormar») der han avslørte forfattaren og gav eit eksplisitt forsvar for avrettinga av Karl I.

Etter dette skreiv den lærde Claudius Salmasius Defensio regia («Forsvar for kongen»). På ny måtte det republikanske rådet gje Milton i oppgåve å svara, og 1651 kom Defensio pro populo anglicano («Forsvar for det engelske folk»). Der forsvara han fridom som ein folkerett og gav nasjonen rett til å straffe ein svikefull tyrann. Dette vart som eit politisk manifest for puritanarane, og boka fekk stor utbreiing hos dei. Parlamentet løna forfattaren med 1000 pund, men kampskriftet fall i mindre god jord i Frankrike: i Paris og Toulouse vart det brend av bødlar. For å vise at kongeavrettingar har historisk presedens prosederte Milton med Osiris, Saul, David og opphevinga av Det schmalkaldiske forbund mot Karl V av Det tysk-romerske riket. Likevel la han hovudtyngda av prova sine på ein naturrettsleg doktrine som sa at menneska er fødd til fridom.

Milton fekk tidleg dårleg syn, og var no heilt blind.

På denne tida kom det nokre mindre flygeblad der han tok til orde for ein fri republikk: Upon the model of common Wealth og Ready and easy Way to establish a free common Wealth.

Milton vert forfølgd[endre | endre wikiteksten]

Miltons politiske skrifter tente politikken til Oliver Cromwell som hadde den vona at alle protestantar skulle einast i brorskap under eitt namn og stå opp mot den samla makta til huset Habsburg. Etter at republikken fall og Stuartane fekk att kongemakta, vart Milton utsett for ein hard forfølging frå rojalistane og presbyterianarane. 16. juni 1660 vart Defensio brunne offentleg av bøddelen, og den allereie fengsla diktaren slepte ut att berre takka vere påtrykk frå mektige vener.

Etter dette trekte Milton seg tilbake i heimen. Den første kona hans døydde i 1652. Eitt år seinare gifta han seg med Katharine Woodcock, men ho døydde berre fire månader etter at ho hadde fødd deira første born, som også døydde. 24. februar 1662, etter påtrykk frå venene sine, gifta han seg med den 31 år yngre Elizabeth Mynshull. Han var då femti år gammal, blind og hjelpetrengande og med tre barn å forsørgje. Formuen sin hadde han mista under borgarkrigen og i 1666 gjekk huset hans opp i røyk under den store brannen i London

Paradise Lost og siste år[endre | endre wikiteksten]

Milton dikterar Paradise Lost for døtrene sine, måleri av Eugène Delacroix (ca. 1826)

Milton eigna seg no meir til diktinga og verkeleggjorde sin ungdommelege plan om å skrive eit stort epos. Først to år etter at han hadde fullført sitt mest kjende verk, Paradise Lost (1667, «Det tapte paradis»), fann han ein forleggar. Verket er er mektig religiøst eposblankvers kor temaet er kampen mellom himmel og helvete, Gud og Djevelen. Sjølv i dag har det stor påverknad på litteratur og andre kulturuttrykk. Eit eksempel frå nyare tid er den amerikanske filmen The Devil’s Advocate frå 1997.

Seinare skreiv Milton Paradise Regained («Det attvunne paradiset»), med Kristi freistingar i ørkenen som tema, men denne boka fekk langt færre lesarar. Eit av dei siste verka hans er den greske tragedien Samson Agonistes (1671), som er utgangspunkt for oratoriet Samson av Händel. Dessutan einskilde prosaskrift som er av mindre verde.

Fram til han døydde arbeida Milton på sitt siste verk, De Doctrina Christiana.

Han døydde under fattige tilhøve 8. november 1674 i Bunhill i London og vart gravlagd i St. Giles Church. I 1737 vart det sett opp eit minnesmerke over han i Westminster Abbey.

Den irske fritenkaren John Toland publiserte i 1699 ei samleutgåve over Milton sine verk, og i samband med denne ein biografi, noko som gav høve til meir strid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Masson 1859 ss. v–vi.
  2. Forsyth, Neil (2008). «St. Paul's». John Milton A Biography (1st utg.). Wilkinson House, Jordan Hill Road, Oxford OX2 8DR, England: Lion Hudson. s. 16. ISBN 9780745953106. 
  3. Lewalski 2003 s. 3.
  4. Lewalski 2003 s. 103.
  5. Chaney, 1985 og 2000

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

John Milton på sine eldre dagar
  • Beer, Anna. Milton: Poet, Pamphleteer, and Patriot. New York: Bloomsbury Press, 2008, ISBN 978-0-7475-8425-4
  • Chaney, Edward. The Grand Tour and the Great Rebellion: Richard Lassels and 'The Voyage of Italy' in the Seventeenth Century (Geneve, CIRVI, 1985)
  • Chaney, Edward. "Milton's Visit to Vallombrosa: A literary tradition", The Evolution of the Grand Tour, 2. utgåve red. (Routledge, London, 2000)
  • Lamla, Max & Gertraud. Wahlidee, Wahlrecht und Wahlpraxis in den Prosaschriften John Miltons zur Zeit der englischen Revolution (1640–1660) Peter Lang, Frankfurt 1981 ISBN 3-8204-6774-2
  • Lewalski, Barbara K. The Life of John Milton. Oxford: Blackwells Publishers, 2003.
  • Tidsskrift: Milton Quarterly Blackwell Publishing Ltd. online[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: John Milton
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: John Milton
Wikisource

Originaltekst av John Milton ved Wikisource.