John Napier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Napier

John Napier, baron av Murchiston (15504. april 1617) var ein skotsk godseigar og matematikar. Han vert òg ofte kalla med det latiniserte namnet Neper.

Napier vert rekna som oppfinnaren av logaritmar. Under arbeidet med å forenkle tidkrevjande utrekningar innanfor mellom anna navigasjon og trigonometri fann han at alle tal kan skrivast som ein potens, og at til dømes ein multiplikasjon kan gjerast om til ein sum av eksponentane i to potenser med same rot. 4 * 16 = 64 kan skrivast som 22 * 24 = 26, og utrekningar blir då 2 + 4 = 6 med etterfølgjande utrekning av 26 = 64. Med denne metoden kunne utrekningar til sjøs som før tok ein time, reduserast til få minutt.

Ein av dei store beundrarane til Napier var Henry Briggs, professor i geometri ved Oxford. Dei var begge samde om at meir praktiske tabellar kunne konstruerast viss ein brukte grunntalet 10. Napier døydde før arbeidet var avslutta, og det vart Briggs som fullførte arbeidet.

Napier er kjent som konstruktør av dei første reknemaskinane. 'Neperske stavar' (Napier's bones) er eit reknebrett som bestod av rekkjer med tresylindrar med inngraverte multiplikasjonstabellar, montert i ei treramme. Multiplikasjon skjer ved å arrangere sylindrane i bestemte mønster. Det var arbeidet med denne som gav Napier ideen om logaritmar.

Napier var allsidig dugande og gjorde fleire oppfinningar, interesserte seg for utbetringar i landbruket og skreiv teologiske kampskriftar.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • A Description of the Marvelous Rule of Logarithm, 1614

Kjelder[endre | endre wikiteksten]