John Robert Cozens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Robert Cozens
235px
Fødd 1752
London
Død

14. desember 1797
London, England

Sjanger landskapsmåleri, historiemåleri, Italienisering
Yrke kunstmålar, kunstnar, teiknar, akvarellmaler, gravør, raderer, innehavar

John Robert Cozens (175214. desember 1797) var ein britisk landskapsmålar, fødd og død i London. Med sine teikningar og akvarellar, laga etter direkte naturstudiar, spela han ei framskoten rolle i utviklinga av det britiske landskapsmåleriet.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Cozens var son til den russiskfødde teiknaren og akvarellmålaren Alexander Cozens. Han gjekk i lære hos far sin og hadde si fyrste utstilling av teikningar hos Society of Artists i 1767. År 1776 viste han eit stort oljemåleri på Royal Academy of Arts i London.

Tida 1776-79 oppheldt han seg delvis i Sveits og Italia, der han teikna Alpane og italienske utsikter. Etter eit par år i London, la så han og forfattaren William Beckford ut på ei lengre reise i Italia. Cozens budde då ei stund i Napoli, før han vende tilbake til England i 1783. Nokre år seinare publiserte han ei rad tolkingar med tre og skogar. Royal Academy fekk då høve til å ta inn verka hans. Kunstinstitusjonen forkasta tilbodet, då bileta ikkje vart rekna som korrekt kunst.

42 år gammal vart Cozens råka av eit nervesamanbrot og vart innlagd på Bethlem Royal Hospital asyl. Overlækjaren, doktor Thomas Monro, var ein engasjert kunstsamlar og såg Cozens briljans og kjøpte samlinga hans.

Cozens måla all sin dag på ein primitiv, nesten overflatisk måte, noko som gjer at fleire av verka hans langt på veg ser ut som farga stikk. Hans akvarellar med sine spesielle, atmosfæriske effektar og illusjonar hadde ein viss innverknad på målarane Thomas Girtin og William Turner.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: John Robert Cozens